“Me skal ha eit fylke der det er trygt og enkelt å ferdast.” er visjonen for samferdsla i Sogn og Fjordane. Kvar gong me som menneske går, syklar, reiser kollektivt, reiser med bil og sender/mottar varer og gods, er “me” samferdsle. Nesten kvar dag er samferdsla viktig for alle delar av samfunnsmaskineriet. Den bind saman byar, tettstader og distrikt og er naudsynt for næringslivet. Kort oppsummert gjeld hovudmåla for samferdsla i fylket omsyn til framkome, tryggleik og miljø.

Regjeringa går for Førdepakken
Regjeringa la fredag 5. juni fram stortingsproposisjonen om Førdepakken. Det er eit viktig steg vidare for utvikling av Førde som by, sykkelby og trafikk-samlingspunkt.
2015.06.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nytt temakart i Fylkesatlas
Lurer du på om det er problem på vegstrekninga du skal køyre? No kan du gå inn på eit eige kart for trafikkmeldingar.
2015.05.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Lavik kai opnar for ekspressbåtane igjen
Frå 20. mai legg ekspressbåtane på Sognefjorden igjen til kai ved Lavik kai, for første gong sidan juni 2013.
2015.05.06 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sognefjellet opnar
Vegen over Sognefjellet kjem ut av vinterdvalen. Sognefjellsvegen opnar for trafikk torsdag 30. april kl. 12.
2015.05.27 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tre busselskap konkurrerer om å levere busstenester i Sunnfjord og deler av Nordfjord og Sogn
Firda Billag, Tide Buss og Nettbuss ønskjer å drive bussrutene i kommunane Gloppen, Jølster, Førde, Naustdal, Flora, Bremanger, Gaular, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger og Balestrand.
2015.04.17 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Kringom.no samlar all informasjon om kollektivtrafikken i fylket
Kollektivtilbodet til Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått nytt namn og ny nettstad. Kringom er namnet, og no samlar fylkeskommunen all informasjon om kollektivtrafikken på kringom.no.
2015.04.16 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ledig drosjeløyve i Førde kommune
Vi har ledig drosjeløyve i Førde kommune, med stasjoneringsstad Førde Drosjesentral. Løyve S-277 gjeld for personbil medinntil 9 sete.
2015.04.08 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Ledig drosjeløyve i Stryn kommune, med stasjoneringsstad Innvik
Løyve S-470 gjeld for personbil med inntil 9 sete. Det kan søkjast om ekstraløyve.
2015.03.04 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Framleis stengt
Fv. 331 mellom Ornes og Skjolden er framleis stengt. Her finn du ekstra ferjeruter for laurdag og søndag.
2015.02.20 av Marit Brennset
Les meir
Ekspressbåten til Lavik
Ny ekspressbåtkai i Lavik er venta å verte teken i bruk i løpet av mars. Før den nye i kaia er open, er det framleis mogleg å få buss- eller drosjetransport frå Lavik til Rysjedalsvika. Sjå rutetidene her.
2015.02.20 av Marit Brennset
Les meir
Sykkelbyen Florø
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Statens vegvesen og Flora kommune, har no inngått avtale som gjer at kommunen frå no av kan kalle seg ein vaskeekte sykkelby.
2015.02.05 av Marit Brennset
Les meir
Trygt heim for ein 50-lapp
«Trygt heim for ein 50-lapp» blir køyrt frå fleire tettstadar natt til 27. desember (3. juledag) 2014, og også natt til søndag den 4. januar 2015. Her kan du sjå rutene på dei forskjellige tettstadene.
2015.01.05 av Marit Brennset
Les meir
Obligatorisk med bombrikke for alle køyretøy over 3,5 tonn i næring frå og med 1. januar 2015
Påbodet vart vedteke av Stortinget 10. oktober 2014. Ordninga gjeld køyring på heile det norske, offentlege vegnettet. Innan 1. januar 2015 må alle køyretøy som er omfatta av påbodet ha teikna avtale og montert gyldig bombrikke på riktig måte i frontruta.
2014.12.10 av Marit Brennset
Les meir
Framtidig lufthamnstruktur på kortbanenettet
Avinor har, på oppdrag frå Samferdsledepartementet, sett i gang eit analysearbeid av lufthamnstrukturen på kortbanenettet. Fylkesrådmannen tilrår i eit innspel til Avinor at strukturen på kortbanenettet i Sogn og Fjordane bør vere som i dag.
2014.12.04 av Marit Brennset
Les meir
Trafikktryggingstiltak i kommunane
Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver årleg midlar til ulike trafikktryggingstiltak gjennom tilskotsordninga «Trafikktryggingstiltak i kommunane».
2014.10.06 av Marit Brennset
Les meir
Agjeldstunnelen mellom Olden og Innvik er opna
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes klipte snora på Agjeldstunnelen måndag 30. juni. No vil ho ha møte med samferdselsdepartementet om finansiering av siste delstrekninga.
2014.07.02 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Agjeldtunnelen på fv. 60 er opna for trafikk
Det vert offisiell opning av Agjeldtunnelen på fv. 60 mellom Olden og Innvik måndag 30. juni. Ei veke før – måndag 23. juni – opna tunnelen likevel for trafikk.
2014.06.23 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
47 nye bussar rullar ut i Nordfjord 23. juni
Nye bussar med ny grafisk profil, universell utforming og høgste tilgjengelege standard for utslepp vert å sjå i store delar av Nordfjord frå i sommar av. Firda Billag køyrer frå 23. juni dei fylkeskommunale bussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn.
2014.06.16 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ny bussrute mellom Førde og Vadheim med korrespondanse til Bergen
Sogn og Fjordane fylkeskommune oppretta frå 1. mai ei ny bussrute frå Førde til Vadheim kl. 06.35. I Vadheim korresponderer denne med Sognebussen til Bergen. Samstundes vart bussruta frå Vadheim til Førde kl. 07.20 endra til å verte ei heilårsrute.
2014.06.03 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tre selskap vil drifte ferjesamband på fylkesvegane
Fem ferjestrekningar i Sogn og Fjordane har vore ute på anbod. Anbodet vart opna 27. mai, og det vart då klart at dei som har levert inn anbod er Fjord1 AS, Norled AS og Boreal Transport Nord.
2014.05.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Lavik kai framleis stengt for ekspressbåt
Fram til ny ekspressbåtkai står ferdig, vil det ikkje vere ekspressbåtstogg i Lavik. Den nye ekspressbåtkaia er venta å vere ferdig andre halvår 2014. Som følgje av sommarrute frå 1. mai, er det no nye rutetider for buss- og drosjetransporten frå Lavik til ekspressbåtkaia i Rysjedalsvika.
2014.05.21 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
"Trygt heim for ein 50-lapp" i påska
Skysstilbodet "Trygt Heim for ein 50-lapp" går i påskeaftan, natt til søndag 20. april 2014. Informasjon om faste ruter og bestillingsruter finn du her.
2014.04.11 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Alle avgangane til Nordfjordekspressen skal gå til Måløy
Rutetilbodet til Nordfjordekspressen skal vere uendra fram til 30. april 2015. Det er dermed ikkje lenger slik at enkelte av avgangane til Nordfjordekspressen kjem til å stoppe på Nordfjordeid i staden for i Måløy.
2014.02.27 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Handlingsprogrammet for riksveg i Sogn og Fjordane 2014–17 er klart
Statens vegvesen har no presentert det endelege handlingsprogrammet og har teke omsyn til fleire av innspela frå fylkestinget. For Sogn og Fjordane er det grunn til å vere positiv til store delar av programmet, men fleire av innspela frå fylkeskommunen er ikkje følgde opp.
2014.02.24 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Spørjeundersøking om reisevanar i Nordfjord
I februar kan det hende du møter personar som ynskjer å spørje deg om reisevanane dine når du er ute og reiser med bussar i Nordfjord.
2014.01.31 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkesutvalet med høyringsuttale om to ferjesamband i Sogn
Statens vegvesen skal snart lyse ut nye anbod for ferjesambanda Vangsnes–Hella–Dragsvik og Mannheller–Fodnes. No har fylkesutvalet kome med sine innspel til utlysinga.
2014.01.31 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ledig drosjeløyve i Flora kommune
Vi har ledig drosjeløyve i Flora kommune med stasjoneringsstad Florø drosjesentral. Løyve S-323 gjeld for personbil med inntil 9 sete.
2014.01.30 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Høyangertunnelen skal utbetrast for inntil 200 millionar kroner
Hovudutvalet for samferdsle vedtok 22. januar at Høyangertunnelen skal utbetrast innan ei kostnadsramme på 200 millionar kroner. Det skal gjerast ulike tiltak i tunnelen, blant anna innanfor vass- og frostsikring og elektro.
2014.01.27 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Regional transportplan er tilgjengeleg på nett
Fylkestinget vedtok i desember 2013 Regional transportplan 2014–2023. No er planen tilgjengeleg for lesing og nedlasting her på heimesida til fylkeskommunen.
2014.01.23 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Budsjett 2014 må reduserast med 5,6 millionar kroner
Fylkestinget vedtok i desember fylkeskommunen sitt budsjett for 2014. No viser det seg at utgiftssida må reduserast med 5,6 millionar kroner, på grunn av ein større reduksjon enn føresett i dei regionale utviklingsmidlane.
2014.01.17 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
 
Om samferdsle
Fylkesveg
Kollektivtrafikk
Trafikktrygging (FTU)
Informasjon
Planar
Andre nettstader
  Oppdatert 06/11/2015