Foto: Heidi Karin Ekehaug/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Plan og samfunnsavdelinga har eit hovudansvar for fylkeskommunen sitt arbeid med planlegging etter plan og bygningslova, inkludert samarbeid med og rettleiing av kommunane i deira planleggingsoppgåver.

Planlegginga skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar.Folkehelse, tettstadforming, prinsippet om universell utforming, omsynet til barn og unge sine oppvekstvilkår og estetisk utforming er viktige omsyn.

Avdelinga skal delta i å sette dagsorden i aktuelle saker knytt til samfunnsutviklinga lokalt og regionalt. Avdelinga har kompetanse på bruk av geografiske informasjonssystem. Avdelinga har eit ansvar for at sektorovergripande oppgåver får ei tverrfagleg vurdering i fylkeskommunen.

Fylkesutvalet løyvde 1,9 millionar kroner til enøktiltak
Fylkesutvalet vedtok 3. juni årets tildeling frå det fylkeskommunale enøkfondet. Til saman får kommunar og organisasjonar i fylket inntil 1 928 725 kroner.
2015.06.03 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tilskotsordning for tiltak mot marin forsøpling
Regjeringa har sett av ti millionar kroner til tiltak mot forsøpling i havet. No kan private aktørar, bedrifter og statlege, kommunale og fylkeskommunale føretak søkje støtte til gode prosjekt for opprydding og førebygging. Søknadsfristen er 15. juni.
2015.05.20 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Søk om pengar til utvikling i fjellområda
No skal 20 millionar kroner delast ut til verdiskapning og næringsutvikling i fjellområda. Fristen for å søke om støtte er 1. juli 2015.
2015.05.13 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Første med internasjonal folkehelsetittel i Noreg
Tidlegare fagkoordinator for folkehelse i fylkeskommunen, Emma Bjørnsen, har no fått den internasjonale tittelen European Health Promotion Practioner – som den første i Noreg.
2015.05.07 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nytt og betre Fylkesatlas
Fylkeskommunen og Fylkesmannen lanserte i dag 5. mai eit nytt og betre Fylkesatlas.
2015.05.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Kommunane kan søke om midlar til klimatilpassing
Miljødirektoratet lyser no ut ei tilskotsordning for tiltak eller prosjekt som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane. Målgruppa er kommunar og fylkeskommunar, og søknadsfristen er 20. mai.
2015.05.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nedetid for Fylkesatlas 30. april
Grunna omlegging til ny versjon, vert Fylkesatlas utilgjengeleg delar av torsdag 30. april.
2015.04.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Regional plansamling 7. og 8. mai i Førde
Fylkeskommunen inviterer kommuneplanleggjarar, rådmenn, politikarar og andre som jobbar med samfunnsplanlegging til regional plansamling. Vi stiller spørsmålet "Strategisk planlegging i kommunane – kva har vi lært?"
2015.04.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Samarbeider om kartlegging av kystsona
Onsdag 11. februar var det oppstartmøte for prosjektet Marine Grunnkart. I prosjektet skal det lagast detaljerte kart av sjøbotn i kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora. Prosjektet vil vare i tre år.
2015.02.12 av Marit Brennset
Les meir
Tilskotsmidlar til turskiltprosjekt
Fylkeskommunen har, saman med Gjensidigestiftelsen, sett av tilskotsmidlar til merking og gradering av turløyper i fylket. No kan du søke om desse midlane.
2015.01.26 av Marit Brennset
Les meir
Sjumilsstegkonferansen 2015
Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer den 10. og 11. mars til Sjumilsstegkonferansen 2015 på Alexandra Hotel i Loen.
2014.12.16 av Marit Brennset
Les meir
Fylkesprisen for idérike bygdesamfunn går til Skjolden Bygdelag
Skjolden Bygdelag jobbar allsidig, breitt, og kan syne til mange varierte aktivitetar. Dette er nokre av grunnane til at hovudutvalet for plan og næring bestemte seg for å gi Skjolden bygdelag prisen for idérike bygdesamfunn.
2014.12.09 av Marit Brennset
Les meir
Ungdomsundersøkinga 2013
Levekåra og livskvaliteten til ungdom i Sogn og Fjordane er i all hovudsak god. På nokre område nærmar utviklinga seg landsgjennomsnittet.
2014.12.03 av Marit Brennset
Les meir
Grøn inspirasjon
Barnehage i Årdal vann fargerik fest frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.
2014.11.18 av Marit Brennset
Les meir
Tilskot nærings- og samfunnsutvikling 2015
Sektoren plan og næring har ansvar for verkemiddel som legg til rette for nærings- og samfunnsutvikling.
2014.12.06 av Kristin Arnestad
Les meir
Natur- og kulturarven på dagsorden
Riksantikvar Jørn Holme signalisert ny satsing på natur- og kulturarven i sitt innlegg. Under debatten og gruppearbeidet vart det stilt spørsmål om kvifor moderniseringsdepartementet i framlegg til statsbudsjett har fjerna tilskot til parksatsinga.
2014.11.05 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Har du forslag til eit idérikt bygdelag som bør få årets fylkespris?
Då bør du setje deg ned og skrive eit framlegg til kvifor nettopp dei bør få prisen for idérike bygdesamfunn.
2014.10.28 av Marit Brennset
Les meir
Støtte til hurtigladestasjon på Skei
Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut 100 000 kroner til bygging av hurtigladestasjonar for ladbare køyretøy på Skei.
2014.10.06 av Marit Brennset
Les meir
Besøksforvaltning i verdsarvområda
Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, dvs. Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet, ynskjer å gå i gang med eit stort og omfattande FoU-prosjekt for ei heilskapleg besøksforvaltning. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser dette arbeidet som eit viktig tiltak for reiselivsutviklinga i fylket, og støttar oppstart av landskapskartlegginga som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet. Feltarbeidet byrjar neste veke.
2014.08.01 av Guro Høyvik
Les meir
Natur- og kulturarven skal sette fylket på kartet
Korleis skape verdiar av å oppleve natur og kultur? Konferansen "Gull, gråstein og ruinar: korleis skape verdiar av å oppleve natur og kultur" tek opp dette temaet, verdiar som kan bli ein økonomisk berebjelke lokalt. Påmelding innan 17. oktober.
2014.10.27 av Guro Høyvik
Les meir
Fylkesdirektøren set lokal utvikling på dagsorden på vestlandskonferanse
Samfunnsutvikling og verdiskaping er hovudtema på den store vestlandskonferansen Vestlandsk Vidsyn i Stavanger i september. Fylkesdirektør for plan og næring, Svein Arne Skuggen Hoff, er ein av innleiarane på konferansen.
2014.06.16 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Midlar til ferdigstilling av felles informasjonsportal for SIS-kommunane
Dei fem SIS-kommunane Jølster, Gaular, Naustdal, Førde og Flora starta i 2012 opp det felles forprosjektet Bu i Sunnfjord, som skal utvikle eit nyskapande konsept for kommunikasjon med nye innbyggarar. Hovudutval for plan og næring vedtok i møte 27. mai at kommunane får 75 000 kroner til å ferdigstille forprosjektet.
2014.05.30 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Sogn og Fjordane har dei minst bufaste flyktningane i landet
Berre halvparten av flyktningane som kjem til Sogn og Fjordane bur i den same kommunen fem år etter at dei kom. Det viser ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
2014.05.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sju kommunar kan få midlar til tettstadforming
Fylkesdirektøren for plan og samfunn rår hovudutvalet for plan og næring til å gi sju tettstader til saman over 3,3 mill. kr til tettstadforming i 2014. Dei sju kommunane er Fjaler, Stryn, Gloppen, Solund, Jølster, Luster og Vågsøy.
2014.05.21 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Vi har passert 109 000 innbyggjarar i fylket
Nye folketal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at vi no er 109 042 innbyggarar i Sogn og Fjordane, noko som betyr at vi har blitt 77 fleire sidan årsskiftet. Igjen er det netto innvandring få utlandet som bidreg til folketalsauken.
2014.05.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Skilt- og merkekurs for dei som har fått pengar gjennom turskiltprosjektet
Turskiltprosjektet i Sogn og Fjordane skipar no til skilt- og merkekurs på Skei 2. juni og i Dale 3. juni. Kurset er obligatorisk for alle som har fått pengar gjennom prosjektet, men er også ope for andre.
2014.05.07 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Klart for ny vestlandskonferanse om framtida for levande bygder og lokalsamfunn
«Ekte begeistring må komma innanteifrå, den kan ikkje vedtakast», seier vossingen Linda Eide. Ho er ein av dei som kjem til den store vestlandskonferansen Vestlandsk Vidsyn i Stavanger 17. og 18. september.
2014.05.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Arbeidsverkstadar om Regional plan for folkehelse 2014–2017
Fylkeskommunen inviterer til arbeidsverkstadar om Regional plan for folkehelse fire stadar i fylket. Arbeidet med sjølve planen tek til no i mai, og vi vil difor ha innspel frå heile fylket – frå organisasjonar, bedrifter og privatpersonar.
2014.04.24 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
300 000 kroner til hurtigladepunkt for el-bil
Sogn og Fjordane har hatt ein eksplosiv vekst i talet på el-bilar. Talet dobla seg i 2013, og salet for dei tre fyrste månadane i 2014 lovar ny vekst. No lyser fylkeskommunen ut 300 000 kroner til ladepunkt i Lærdal, Sogndal og Stryn.
2014.04.02 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Vestlandsk vidsyn 2014 – om framtida for levande bygder og lokalsamfunn
Kva må til for å styrke den breie verdiskapinga? Korleis styrke samspelet mellom næringsutvikling og samfunnsutvikling? Dette er noko av tema for den store vestlandskonferansen Vestlandsk Vidsyn i Stavanger 17. og 18. september.
2014.03.19 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
 
Om plan og samfunn
Tema og tenester
Tilskot og rapportering
Andre nettstader
Sosiale medier
Planlegging og tettstadforming
Stadanalyse Reed på Facebook
  Oppdatert 06/11/2015