I Fjærland startar toppturen til Romhesten med å padle over fjorden. Foto: Lisbeth Bringebøen

Næringsavdelinga har som si overordna oppgåve å leggje til rette for næringsutvikling i heile fylket, noko som er ein viktig del av fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør. Gjennom partnarskap med ei lang rekke aktørar i fylket, er vi med på å gjere det mogleg å skape nye arbeidsplassar og nye næringar, samstundes som vi vidareutviklar eksisterande næringar. Vi samarbeider tett med kommunane i fylket og Innovasjon Norge for at næringsliv og etablerarar skal lukkast. Ansvarsområdet til næringsavdelinga fell inn under hovudutval for plan og næring.

Millionløyving til vestnorske forskingsprosjekt
Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 26,4 millionar kroner til nye og spennande forskingsprosjekt i landsdelen. Lærdal Elveeigarlag og Førde kommune er blant aktørane som får forskingsmidlar.
2015.06.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkesutvalet sender industristrategi på høyring
I samband med at fylkestinget vedtok verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, bestilte fylkespolitikarane ein eigen strategi for industrien i fylket. Eit utkast til slik strategi er no klar, og no skal næringa, offentlege instansar og andre få seie meininga si om han.
2015.06.03 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
INU-FSF - Utlysing av midlar 2015
Den interkommunale næringsretta utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Flora og Sogndal (INU-FSF) opnar no for søknadsrunde i 2015. Søknadsfristen er 15. juni.
2015.05.13 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Søk om pengar til utvikling i fjellområda
No skal 20 millionar kroner delast ut til verdiskapning og næringsutvikling i fjellområda. Fristen for å søke om støtte er 1. juli 2015.
2015.05.13 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Næringsdagane 2015 – Innovasjon i privat og offentleg sektor
Næringsbarometeret, NHO-konferansen, IT-forumkonferansen og næringskonferansen til Høgskulen i Sogn og Fjordane er i år slått saman til Næringsdagane 2015. Den nye konferansen ser dagens lys på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 20. og 21. mai.
2015.05.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Kurs i statsstøtteregelverket
Onsdag 29.april kl. 10.00 – 16.00 vert det halde kurs i statsstøtteregelverket på Quality Hotel Sogndal. Kurset gir ei praktisk framstilling av forbodet mot tildelingar av offentleg støtte og kva tiltak som er lovlege innafor regelverket.
2015.04.15 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Regional plan for folkehelse er lagt ut på høyring
Fylkesutvalet har vedteke å legge Regional plan for folkehelse, med handlingsprogram, ut til offentleg høyring.
2015.04.01 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
11 millionar kroner til kommunale næringsfond
Hovudutval for plan og næring tildelte i møte 25. mars 11 mill. kr til kommunale næringsfond. Midlane skal hjelpe kommunane til å vere gode støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv.
2015.03.30 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Fylkesmesse for ungdomsbedrifter 4. mars i Førdehuset
I desse dagar vert det jobba iherdig i ungdomsbedriftene rundt i fylket. Det er siste innspurt før fylkesmessa 2015.
2015.03.03 av Marit Brennset
Les meir
Fylkeskommunal støtte til omstilling i Askvoll, Hyllestad og Lærdal
Hovudutval for plan og næring har no løyvd midlar til Askvoll, Hyllestad og Lærdal, omstillingskommunane i fylket. Kommunane får til saman 8,2 mill. kr i omstillingsstøtte frå fylkeskommunen i 2015.
2015.02.19 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Ny avtale med Ungt Entreprenørskap
Fylkeskommunen har inngått ein toårig avtale med Ungt Entreprenørskap (UE) om arbeid med nyskaping og etablering i skulen. I perioden 2015-2016 vil fylkeskommunen årleg bidra med 900 000 kr til UE.
2015.02.16 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Vestlandet er den store arbeidsinnvandringsregionen i Noreg
Kommunane på Vestlandet opplever arbeidsinnvandringa som ein positiv ressurs som gir folkeauke, auka produktivitet og konkurransekraft i lokalt næringsliv. Men få kommunar arbeider breitt og aktivt med arbeidsinnvandring.
2015.02.04 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Årdals-elevar og UWC i nasjonal energifinale
Elevar frå Årdal vgs og United World College (UWC) skal bidra til å løyse energiutfordringar for framtida.
2015.01.27 av Marit Brennset
Les meir
Presentasjon av nytt næringsbarometer 23. januar
Denne utgåva av næringsbarometeret ser spesielt på nasjonal og internasjonal økonomi og korleis dette påverkar næringslivet og samfunnsutviklinga i fylket.
2015.01.19 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs på Skei 26. januar. Gjennom dette kurset får deltakarane god kunnskap om prosjektleiarprosessen, som femnar om organisering og styring av prosjektarbeid.
2015.01.16 av Marit Brennset
Les meir
Verdiskapingsplanen på nett
Og du kan komme med di meining. Satsingane i fylkesplanen blir no sett i gang for å skape vekst i Sogn og Fjordane.
2015.01.16 av Marit Brennset
Les meir
Programmet for presentasjonen av næringsbarometeret er no klart
Presentasjonen er 23. januar i Firdasalen hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkeshuset i Leikanger.
2015.01.12 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Gjennomgang av regional analyse
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til gjennomgang av Telemarksforsking si regionale analyse av Sogn og Fjordane. Her kan du lese rapporten som omhandlar fylket.
2015.01.05 av Marit Brennset
Les meir
Tiltaksforum 2014
Næringssamarbeid for vidare utvikling og vekst var tema på årets tiltaksforum som vart halde 11. og 12. oktober i Loen. Næringsarbeidarane i kommunane var samla til to dagar med fagleg påfyll, nettverksbygging og kompetanseoverføring.
2014.12.18 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Miljøseminar for akvakultur 2015
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet og FHL glede av å invitere til miljøseminar i Florø 10.-11. februar. Seminaret legg vekt på miljøspørsmål knytt til setjefisk og matfiskanlegg.
2015.02.20 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Gründerpris til aktive sogningar
Sigrid Henjum og Sander Buene stakk av garde med gründerprisen for ungdom.
2014.12.09 av Marit Brennset
Les meir
Støttar nedkjemping av lakselus og vidareutvikling av taredyrking
Av dei åtte søknadene som kom inn til Marint Verdiskapingsfond, vedtok hovudutval for plan og næring å delfinansiere to prosjekt. Desse er Nordfjord Laks sitt forprosjekt «Avlusingsmetode ved bruk av nye miljøvenlege kjemikalium» og Hortimare AS sitt hovudprosjekt «Integrert akvakultur».
2014.11.28 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Vekst i Vest
Vekst i Vest vart arrangert på Flora samfunnshus 13. november 2014. Her kan du sjå presentasjonane frå den årlege konferansen.
2014.11.24 av Marit Brennset
Les meir
Verdiskapingsplanen – frå plan til handling
Handlingsplanen for 2015 – 2018 er no sendt til politisk handsaming. I handlingsplanen kan du lese meir om innsats innan nyskaping, kunnskap, olje og gass, sjømatnæringar og reiseliv.
2014.11.18 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Tilskot nærings- og samfunnsutvikling 2015
Sektoren plan og næring har ansvar for verkemiddel som legg til rette for nærings- og samfunnsutvikling.
2014.12.06 av Kristin Arnestad
Les meir
God tilbakemelding på innkjøpskurs
Tysdag 21.oktober arrangerte Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI) innkjøpskurs for kommunane med 38 deltakarar.
2014.10.27 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Møtte ungdomsbedriftene i fylket
Tysdag møtte fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, 32 ungdommar på Skei Hotel.
2014.10.23 av Marit Brennset
Les meir
Tok imot departementet
Representantar frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) var i dag i Florø, som deltakarar i prosjektet «NFD ut i landet».
2014.10.22 av Marit Brennset
Les meir
Tiltaksforum 2014
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til nettverkssamling for næringsmedarbeidarane tysdag 11. og onsdag 12. november 2014, på Alexandra Hotel i Loen.
2014.10.21 av Marit Brennset
Les meir
Åtte søknadar til Marint Verdiskapingsfond Sogn og Fjordane om prosjektmidlar
Sjå alle søknadene her.
2014.10.10 av Marit Brennset
Les meir
 
Om næringsavdelinga
Aktuelt
Tema og tenester
Tilskot og rapportering
Andre nettstader
  Oppdatert 06/11/2015