Kulturavdelinga skal støtte, utvikle, drive og utfordre kulturlivet i Sogn og Fjordane. Avdelinga har mange ulike oppgåver, mellom anna arbeider vi med å ivareta kulturminne av regional og nasjonal verdi, handsame søknader og fordele midlar til mellom anna det frivillige kulturlivet. Vi forvaltar spelemiddelordninga, administrerer Den kulturelle skulesekken, driv musikkarbeid blant anna i samband med fylkes- og distriktsmusikarordningane, og ungdomsarbeid som til dømes Ungdommens kulturmønstring (UKM).

Kulturavdelinga skal vere ein samarbeidspartnar med kompetanse som kan bidra både med informasjon og økonomisk stønad. Målet er å utvikle eit godt og variert kulturtilbod for alle innbyggjarar og vitjande i Sogn og Fjordane.

Kulturavdelinga skal bidra til å skape entusiasme og oppslutning om kultur og kulturmiljø i fylket vårt.

(Foto: Thomas Morel)

Kulturkonferanse: "Felles barn, felles ansvar"
Fylkeskommunen ved Den kulturelle skulesekken (DKS) og Ungdomens kulturmønstring (UKM) inviterer saman med kulturskulane til kulturkonferanse 17. og 18. september.
2015.06.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
37 millionar i spelemiddelkroner til 60 anlegg i fylket
Sogn og Fjordane fekk i år meir spelemidlar enn nokon gong – heile 37 millionar kroner. 2. juni fordelte hovudutvalet for kultur pengane til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv over heile fylket.
2015.06.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Førdekonferansen 2015: kultur, frivilligliv og tillit
Torsdag 2. juli vert Førdekonferansen arrangert for sjette gong. Konferansen er ein del av Førdefestivalen, og i år vert kulturen, frivilliglivet og tillit sett på dagsorden.
2015.06.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Inviterer tilsette i kommunane til samling om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og kulturbygg
18. juni arrangerer kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune den årlege samlinga for dei som har ansvar for tema kring spelemiddelordninga og anlegg for fysisk aktivitet i kommunane. I år er også kulturbygg eit tema på samlinga.
2015.05.21 av Guro Høyvik
Les meir
UNESCO tilrår omarbeiding av verdsarvsøknaden for vikingstader i Nord-Europa
UNESCO meiner vikingstader bør inn på verdsarvlista, men vil at forslaget som no ligg føre, vert gjennomgått og omarbeidd. Kvernsteinsbrota i Hyllestad er del av verdsarvsøknaden for vikingstader.
2015.05.18 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
37 millionar kroner i spelemidlar til Sogn og Fjordane
Regjeringa har løyvd 37 millionar kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er om lag ni millionar meir enn i 2014. Spelemidlane vert fordelte i juni og skal gå til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile fylket.
2015.04.24 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Inviterer til konferanse om naturen som læringsarena for barn
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse i Sogndal 5. mai. I samband med friluftslivets år er temaet for årets fysisk aktivitet- konferanse barn, læring og natur.
2015.04.22 av Guro Høyvik
Les meir
Desse går vidare til UKM landsmønstringa
Om lag 240 ungdomar deltok på fylkesmønstringa for ungdomens kulturmønstring (UKM) i Førde i helga. Ti av innslaga skal representere Sogn og Fjordane på landsmønstringa i Trondheim i juni.
2015.04.20 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Klart for UKM fylkesmønstring – noko for alle
Til helga er det igjen duka for Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Førdehuset. Frå laurdag kl. 11.00 står ungdommar frå heile fylket klare for å vise kva dei er gode for. Og variasjonen er stor.
2015.04.21 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sjølvplaging, slektsgransking og globalt ansvar på biblioteka
Desse tre temaa er i følgje Marta Norheim tendensar i den norske samtidslitteraturen anno 2015. Norheim gjestar fleire bibliotek i fylket no i slutten av april, for å fortelje om kva som kjenneteiknar den nye, norske romanen.
2015.04.17 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Internasjonal pris til kunstmuseet i Førde
Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt signalbygg i Førde har fått ein internasjonal pris for arkitektur, planlegging og design som aukar livskvaliteten for eit lokalsamfunn.
2015.04.16 av Sigrun Espe
Les meir
Teater på bibliotek i heile fylket
I april kan du få ei teateroppleving på eit bibliotek nær deg. Aldateateret er no på turné i 14 kommunar med teaterstykket «Herr Kurz og damene». Stykket fekk svært god mottaking då det hadde premiere våren 2014.
2015.04.16 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Medieelevar nye aktørar på fylkesmønstringa
Til helga – 18. og 19. april – brakar det laust i Førdehuset når ungdom frå heile fylket skal delta på UKM fylkesmønstring. Ungdommane får høve til å vise seg fram innan ulike kunst- og kulturuttrykk. Nytt i år er at ein heil medieklasse deltek med fotooppdrag under mønstringa.
2015.04.21 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
5,4 millionar frå Norsk kulturminnefond til prosjekt i Sogn og Fjordane
37 istandsetjingsprosjekt i Sogn og Fjordane har fått til saman 5,4 millionar kroner frå Kulturminnefondet. Gamlastova på Nedre Ljøsne i Lærdal er det prosjektet i fylket som har fått mest.
2015.04.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkesting for ungdom 2015
20.- 22. mars er ungdommar frå heile fylket samla på Skei i Jølster for å delta på fylkesting for ungdom. Fylkesting for ungdom er ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Alle ungdomsråda i fylket og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar er invitert til tinget.
2015.03.13 av Guro Høyvik
Les meir
Fylket får 1,230 mill. kr til verdiskapingsprosjekt
Stortingsmeldinga «Leve med kulturminner» slår fast at kulturminne og kulturmiljø i større grad må takast i bruk for å utvikle levande lokalsamfunn og vere ressursar for verdiskaping i næringslivet. Sogn og Fjordane har no fått tilskot til tre prosjekt.
2015.03.11 av Marit Brennset
Les meir
Kulturstrategi 2015 - 2018
Kulturstrategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune er no vedteken, saman med eit handlingsprogram for 2015. Kulturstrategien gir retning til og prioriteringar for fylkeskommunen sitt kulturabeid dei næraste åra. Visjonen er: Kulturaktivitet og kulturoppleving gir oss eit rikare liv og bygger identiteten vår!
2015.02.26 av Guro Høyvik
Les meir
Korleis lukkast med kultur for alle?
Er vi i Sogn og Fjordane flinke nok til å ivareta utviklingshemma sine rettar i eit aktivt kulturliv? Kan vi bli betre? Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse i Førde 20. Mars. Meld deg på her.
2015.03.13 av Sigrun Espe
Les meir
Satsar på frivillig sektor, kulturarv og profesjonell kultur
Kulturstrategi for Sogn og Fjordane fylkeskommune er no vedteken, saman med eit handlingsprogram for 2015. Kulturstrategien gir retning til og prioriteringar for fylkeskommunen sitt kulturabeid dei næraste åra. Visjonen er: Kulturaktivitet og kulturoppleving gir oss eit rikare liv og bygger identiteten vår!
2015.02.17 av Guro Høyvik
Les meir
Inviterer kulturarrangørar til seminar
Norsk Countrytreff, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune inviterer til det årlege arrangørseminaret for dei som driv festivalar, konsertar, stemne og andre arrangement.
2015.02.10 av Sigrun Espe
Les meir
Nasjonal nynorsk leseaksjon?
Fredag 6. februar var mange gode nynorskkrefter samla i Førde for å planleggje ein nasjonal nynorsk leseaksjon.
2015.02.10 av Marit Brennset
Les meir
Musikk frå livets begynnelse
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til kurset "Musikk frå livets begynnelse" 10. april 2015. Kurset gjev kompetanse til å leie grupper i musikk og samspel med foreldre og barn.
2015.02.06 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Inviterer til Fylkesting for ungdom 2015
Ungdomspolitisk utval inviterer til Fylkesting for ungdom 2015 på Skei 20. - 22. mars. Fylkesting for ungdom (FFU) er ungdomen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr.
2015.02.19 av Guro Høyvik
Les meir
Nynorskblogg i vinden
Same månad som verdas beste nynorskblogg vert kåra av Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom, fremjar fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad, eit forslag om eit nytt bloggprosjekt retta mot ungdom i Sogn og Fjordane: «Mine meiningar på mitt språk».
2015.02.05 av Sigrun Espe
Les meir
Inspirerande fagdagar i Florø
Omsorgssektor saman med kultur ynskjer å starte eit prosjekt for å gje betre innhald i kvardagen til seniorar.
2015.02.13 av Marit Brennset
Les meir
Kommunane er gode på kulturskule, Den kulturelle skulesekken og frivillig arbeid.
Norsk kulturindeks viser kulturtilbodet og kulturaktiviteten i kommunane. Rapporten for Sogn og Fjordane i 2014 viser alle kommunane i fylket sin plassering innan 10 kategoriar av kulturaktivitet.
2015.02.04 av Guro Høyvik
Les meir
Fylkesting for ungdom 2015
Fylkesting for ungdom (FFU) 2015 vert arrangert 20. - 22. mars på Thon Hotel Jølster, Skei. Programmet er under arbeid, og vil bli sendt ut til kommunane og andre snart.
2015.01.31 av Guro Høyvik
Les meir
Lagar kulturminneplanar
Kommunetilsette frå heile fylket er denne veka samla for å jobbe med lokale kulturminneplanar under rettleiing frå Riksantikvaren og fylkeskommunen. Målet med dette arbeidet er at alle kommunar i fylket skal få sine eigne kulturminneplanar.
2015.01.28 av Marit Brennset
Les meir
Fotball for alle?
Kva er det som får ein tidlegare profesjonell fotballspelar til å skrive spennande bøker for barn? Og kvifor har ein journalist med tidlegare laber fotballinteresse no oppdrag for ein av dei største klubbane i verda, Liverpool FC? 12.februar i Hafstadparken kan du møte begge to.
2015.01.27 av Guro Høyvik
Les meir
Kulturminneplansamling for tilsette i kommunane
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer tilsette i kommunane i fylket til kulturminneplansamling på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 27. - 29. januar.
2015.01.23 av Sigrun Espe
Les meir
 
Om kultur
Kultursektoren på Facebook
Plan, strategi og politikk
Tilskotsordningar
Kulturminne
Barn og unge
Idrett og fysisk aktivitet
Musikk
Kultur og helse
Arkiv, bibliotek og museum
Prosjekt
Lenkjer
  Oppdatert 06/11/2015