Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane er organisert som ein institusjon. Direktøren for tannhelsetenesta er den øvste leiaren, deretter assisterande direktør, rådgjevar og førstekonsulentar i sentral stab. Tannklinikkane rapporterer til den sentrale staben. Klinikksjefen er den lokale leiaren med ansvar for dagleg drift og avgrensa personalansvar ved tannklinikkane.

Vestlandskonferanse om avdekking av omsorgssvikt
Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune er medarrangør for den store konferansen «Utsatte barn i tannhelsetjenestens lampelys» i Bergen og Stavanger i desember.
2015.05.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tannhelsetenesta på SMS
Neste gang du blir kalla inn til den offentlege tannhelsetenesta, får du sannsynlegvis ein SMS, og ikkje eit kort i posten.
2015.02.05 av Marit Brennset
Les meir
Sommaropne tannklinikkar 2014
Nokre av dei offentlege tannklinikkane i fylket er stengde delar av sommaren 2014, men her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.
2014.06.25 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Topp moderne tannklinikk i fylket opna i Årdal
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna fylket sin mest moderne tannklinikk i Øvre Årdal 4. februar. Dei fem tilsette ved klinikken har no det nyaste av utstyr.
2014.02.05 av Lisbeth Bringebøen
Les meir
Lærdal tannklinikk er stengt grunna brann i kommunen
Pasientar i Lærdal med akutte problem kan kontakte Aurland tannklinikk eller legevakt i Lærdal kommune, og vil få behandling i Aurland. Klinikken i Lærdal vil vere stengt inntil vidare grunna storbrannen.
2014.01.20 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Fylkesarkivet har samla inn nær 90 000 tannhelsejournalar
Alle dei offentlege tannklinikkane i fylket har no levert gamle tannhelsejournalar til Fylkesarkivet. Klinikken på Sandane var sist ute, då dei leverte 22 boksar med om lag 3300 journalar denne veka.
2013.12.20 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Takstane i den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane
Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane har gått gjennom takstane for betalande pasientar. Prisane er samanlikna med takstane i andre fylkeskommunar og hjå private tannlegar, og prisane for tannlegetimar er justerte.
2013.11.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Pris til tannhelseprosjekt om overgrep mot barn
Fylkestannlegane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sette i 2009 i gang eit unikt samarbeid for å avdekke omsorgssvikt og overgrep mot barn og unge. Torsdag 13. juni vart arbeidet heidra med ein pris til heile kompetansenettverket.
2013.06.13 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sommaropne tannklinikkar 2013
Mange av dei offentlege tannklinikkane i fylket er stengde delar av sommaren 2013, men her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.
2013.06.06 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Årsmelding 2012
Etter innkomne årsmeldingar frå den einskilde tannklinikk, med aktivitetstal og omfang har direktøren lagt fram samla årsmelding frå tannhelsetenesta. Årsmeldinga syner aktiviteten i forhold til omfang av tenester, tannhelseresultat, folkehelsearbeid, økonomi, personalutvikling og målekart.
2013.05.06 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Opning av ny tannklinikk på Sandane
Den nye tannklinikken på Sandane vert offisielt opna torsdag 17. januar kl. 10.00. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes står for den offisielle opninga.
2013.01.16 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Årets siste avlevering av tannhelsejournalar
19. desember vart årets siste ladning med tannhelsejournalar avlevert til Fylkesarkivet. Journalane kom frå tannklinikkane i Gaupne og Hafslo. Med avleveringa frå desse klinikkane har i alt 28 klinikkar levert sine gamle journalar til Fylkesarkivet.
2013.01.14 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Tannhelsetenesta med eigen rekrutteringsfilm
Den offentlege tannhelsetenesta går nye vegar for å marknadsføre seg. No har dei laga ein kort film – for å vise fram både tannhelsetenesta og fylket.
2013.01.14 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Tannhelsetenesta markerte verdas tobakksfrie dag
31. mai vart verdas tobakksfrie dag markert over heile verda. I Noreg har målet med dagen dei siste åra vore å setje lokal tobakksførebygging på dagsorden. Tannklinikkane markerte dagen i samarbeid med helsestasjonar, vidaregåande skular og ungdomsskular.
2012.06.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tobakk som tema ved helsekonsultasjonar
Regjeringa har i vår lagt fram ein ny nasjonal strategi for å førebyggje bruk av tobakk. I samband med dette oppmodar fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane helsepersonell til å ta opp temaet tobakk ved helsekonsultasjonar.
2012.06.27 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sommaropne tannklinikkar
Mange av dei offentlege tannklinikkane i fylket er stengde delar av sommaren, men her finn du ei oversikt over kva klinikkar som held ope.
2012.06.25 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Frå tannklinikken i Årdal til sjukehusskip i Togo
Ein kø som strekte seg rundt gatehjørnet var det som møtte tannlegane Payam Ruhi og Shabnam Joudaki klokka 08 første dagen i Togo. Dei to held til vanleg til på tannklinikken i Øvre Årdal, men har nettopp vore to veker på sjukehusskipet African Mercy.
2012.03.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tannhelsetenesta markerer den internasjonale vassdagen
I dag – 22. mars – er FN sin internasjonale vassdag. Tannhelsetenesta samarbeider med kommunane, grunnskular og vidaregåande skular om å markere dagen. Elevane ved Flora ungdomsskule er blant dei som har fått besøk.
2012.03.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Betre tannhelse for barna i Sogn og Fjordane
Tal frå Fylkesspegelen syner at tannhelsa blant 5-, og 12-åringar har betra seg vesentleg i perioden frå 2003 til 2010. Begge aldersgruppene ligg over landsgjennomsnittet, og det er 5-åringane som har færrast hol i tennene.
2011.12.22 av Asbjørn Ness
Les meir
Det litauiske barneombodet til Noreg for å lære av vestlandsfylka
Torsdag 1. desember var barneombod Edita Ziobiene frå Litauen i Bergen for å lære om samarbeidet mellom barnevernet og den offentlege tannhelsetenesta. Samarbeidsavtalen er utvikla av tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
2011.12.07 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Clara Øberg blir assisterande direktør for tannhelsetenesta
Clara Øberg er tilsett som assisterande direktør for den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane og tek til i stillinga 12. desember. Ho kjem frå jobben som tenesteleiar for helse- og sosialsektoren i Sogndal kommune.
2011.09.21 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tobakksfripris til den offentlege tannhelsetenesta
Fylkesmannen har tildelt tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane tobakksfriprisen for 2011 for godt førebyggjande arbeid gjennom mange år. – Denne prisen går først og fremst til alle tannpleiarane som gjer ein svært god jobb rundt om i fylket, seier direktør for tannhelsetenesta Bent Rønnekleiv.
2011.09.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Barneombodet vil vidareføre vestlandsinitiativ til resten av landet
Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har i vår innført rutinar for å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn. No ønskjer barneombod Reidar Hjermann at desse rutinane vert vidareførte til resten av landet.
2011.12.06 av Asbjørn Ness
Les meir
Inviterer tannlegar og tannpleiarar til klinisk forsking
Offentleg tilsette tannlegar, tannpleiarar og private tannlegar vert no inviterte til å vere med i forskingsprosjekt i klinikken. Dette er eit ledd av etableringa av Tannhelsetenestens Kompetansesenter Vest, og påmeldingsfristen er 31. januar.
2011.04.19 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Samarbeider for å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn
Fylkeskommunen tek no initiativ til eit samarbeid mellom den offentlege tannhelsetenesta og den kommunale barnevernstenesta. – Tannhelsetenesta har ein unik sjanse til å vere med å oppdage og melde frå om omsorgssvikt, seier direktør for tannhelsetenesta, Bent Rønnekleiv.
2010.12.13 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ti nye tannlegar til fylkeskommunen
Det er ein glad direktør Bent Rønnekleiv i Tannhelsetenesta som kan fortelje at dei har fått på plass ti nye tannlegar i Sogn og Fjordane. Gleda vert ikkje mindre av at det også er på plass kjeveortopedteneste i Lærdal.
2010.12.13 av Henning Rivedal
Les meir
Vurderer ny klinikkstruktur i tannhelsa
I den strategiske handlingsplanen for den offentlege tannhelsetenesta går fylkesrådmannen inn for at ein skal arbeide vidare med å vurdere ny klinikkstruktur i fylket, samtidig som ein aukar satsinga på rekruttering av tannlegar. Handlingsplanen skal vedtakast i fylkestinget 7.april.
2010.03.16 av Bente Sønsthagen
Les meir
Ledige stillingar ved den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane
Her finn du ei oversikt over ledige stillingar innan tannhelse i Sogn og Fjordane
2015.03.23 av Bent Rønnekleiv
Les meir
 
Om tannhelsetenesta
For brukarar
For søkjarar
Nyttige lenkjer
  Oppdatert 06/11/2015