Fylkesspegel Sogn og Fjordane er ein felles nettstad for løpande statistikk og kunnskap om utviklinga i fylket. Fylkesspegelen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV Sogn og Fjordane og fylkeskommunen.

Det vert i dag, frå ulike instansar i fylket og hjå sentrale styresmakter/SSB/o.l. produsert ei rekke statistikkar som gjeld utviklinga i fylket. Vi ønskjer å gjere dette materialet lettare tilgjengeleg.

Fylkesspegelen skal både konsentrere seg om regionale problemstillingar, men også legge til rette for analysar av bu og levekår og utfordringar i kommunane møter. Difor må så mykje som mogeleg av statistikken brytast ned på kommunenivå, og dette må gjerast tilgjengeleg.

Etter Plan- og bygningslova skal fylkestinget minst ein gong i valperioden, og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein regional planstrategi. Føremålet med planstrategien er å setje fokus på kva planoppgåver det er viktig å arbeide med i fylket.

Fylkesspegelen er ein viktig lekk i dette arbeidet. Den skal sjå på hovudtrekka i utviklinga i fylket innan viktige område: folketalsutvikling, flyttingar, bu- og arbeidsområde, næringsstruktur, nyskaping, landbruk, folkehelse, bu- og levekår, helse, arbeidsmarknad, kommunal tenesteyting, samferdsle og miljø/ressursar.

Vi har passert 109 000 innbyggjarar i fylket
Nye folketal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at vi no er 109 042 innbyggarar i Sogn og Fjordane, noko som betyr at vi har blitt 77 fleire sidan årsskiftet. Igjen er det netto innvandring få utlandet som bidreg til folketalsauken.
2014.05.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nytt reisetidskart for tre kommunesenter i Nordfjord
Sogn og Fjordane fylkeskommune har laga reisetidskart for Måløy, Nordfjordeid og Stryn for Eid kommune. Karta viser kor langt ut frå sentrum ein kjem med reisetider på 30, 45, 60 og 75 minutt.
2013.10.15 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Fylkesspegelen er oppdatert med folkehelseprofilar
Folkehelseinstituttet har nyleg lagt ut folkehelseprofilar for alle kommunar i landet. Du finn no oppdaterte data for kvar kommune i Sogn og Fjordane i Fylkesspegelen.
2012.02.12 av Jo Tore Kristoffersen
Les meir
Fylkesspegelen med oversikt over arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane
Fylkesspegelen presenterer no statistikk over stillingstilgangen for fylket og dei einskilde kommunane. I småkommunane dominerer stillingar i det offentlege. Det kjem òg fram at i Nordfjord har ikkje stillingstilgangen følgt konjunkturane som i dei andre regionane.
2012.02.12 av Jo Tore Kristoffersen
Les meir
Fylkesspegelen presenterer ny statistikk - utviklinga i arbeidsmarknaden
I samarbeid med NAV presenterer no Fylkesspegelen statistikk over utviklinga i arbeidsløysa for kommunane i perioden frå 2000 til og med 2010. Statistikken viser utviklinga for den einskilde kommune samtidig som det vert gjort ei vurdering av årsakar og konkrete trekk som kan forklare utviklinga og ulikskapar mellom kommunane. Kommunedata er vist samla for kvar region.
2012.02.12 av Jo Tore Kristoffersen
Les meir
Størst folketalsvekst i området rundt Sogndal
Vi vart 662 fleire innbyggarar i fylket i fjor, og Førde, Sogndal og Luster er dei kommunane som veks mest. Sogndal med nabokommunar har større folketalsvekst enn Førde med omland, og Luster og Leikanger peiker seg ut som dei einaste kommunane der norske tilflyttarar bidreg meir til folkeveksten enn tilflytting frå utlandet.
2012.02.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Einskilde kommunar har klart å stoppe utflyttinga
I Fylkesspegel for Sogn og Fjordane er det vist at einskilde kommunar har ein drastisk nedgang i netto utflytting. Sogndal har i løpet av to år redusert utflyttinga med tre fjerdedelar, medan Vågsøy har redusert den med to tredjedelar. Det er store skilnadar mellom kommunane, og fleire har ein negativ trend. – Statistikkane viser òg kor avhengige vi er av utanlands arbeidsinnvandring. Utan den hadde folketalet utvikla seg dramatisk i negativ retning, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.
2012.02.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkesspegel Sogn og Fjordane – eit nytt verkty for fylket
Fylkeskommunen lanserer Fylkesspegelen, ei ny samling aktuell statistikk som ser på hovudtrekk i utviklinga i fylket. Her finn du tema som folkehelse, næringsstruktur og flyttemønster. – Fylkesspegelen syner mellom anna at nokre kommunar kan ha lukkast i å stoppe utflyttingsstraumen, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.
2012.02.12 av Asbjørn Ness
Les meir
 
Statistikk og analyse

FOLKETALSUTVIKLING, FLYTTING OG INNVANDRING

LEVEKÅR, LIVSKVALITET, OPPVEKST OG HELSE

SYSSELSETTING OG NÆRINGSUTVIKLING

UTDANNING

NATURRESSURSAR OG MILJØ

SAMFERDSEL

KOMMUNEØKONOMI

 STATISTIKK PÅ KOMMUNENIVÅ

 

  RSS feed frå Fylkesspegelen

  Oppdatert 06/11/2015