Kulturkonferanse: "Felles barn, felles ansvar"
Fylkeskommunen ved Den kulturelle skulesekken (DKS) og Ungdomens kulturmønstring (UKM) inviterer saman med kulturskulane til kulturkonferanse 17. og 18. september.
2015.06.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Førdekonferansen 2015: kultur, frivilligliv og tillit
Torsdag 2. juli vert Førdekonferansen arrangert for sjette gong. Konferansen er ein del av Førdefestivalen, og i år vert kulturen, frivilliglivet og tillit sett på dagsorden.
2015.06.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Vestlandskonferanse om avdekking av omsorgssvikt
Tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune er medarrangør for den store konferansen «Utsatte barn i tannhelsetjenestens lampelys» i Bergen og Stavanger i desember.
2015.05.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Inviterer tilsette i kommunane til samling om spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og kulturbygg
18. juni arrangerer kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune den årlege samlinga for dei som har ansvar for tema kring spelemiddelordninga og anlegg for fysisk aktivitet i kommunane. I år er også kulturbygg eit tema på samlinga.
2015.05.21 av Guro Høyvik
Les meir
Næringsdagane 2015 – Innovasjon i privat og offentleg sektor
Næringsbarometeret, NHO-konferansen, IT-forumkonferansen og næringskonferansen til Høgskulen i Sogn og Fjordane er i år slått saman til Næringsdagane 2015. Den nye konferansen ser dagens lys på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 20. og 21. mai.
2015.05.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Regional plansamling 7. og 8. mai i Førde
Fylkeskommunen inviterer kommuneplanleggjarar, rådmenn, politikarar og andre som jobbar med samfunnsplanlegging til regional plansamling. Vi stiller spørsmålet "Strategisk planlegging i kommunane – kva har vi lært?"
2015.04.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Inviterer til konferanse om naturen som læringsarena for barn
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse i Sogndal 5. mai. I samband med friluftslivets år er temaet for årets fysisk aktivitet- konferanse barn, læring og natur.
2015.04.22 av Guro Høyvik
Les meir
Kurs i statsstøtteregelverket
Onsdag 29.april kl. 10.00 – 16.00 vert det halde kurs i statsstøtteregelverket på Quality Hotel Sogndal. Kurset gir ei praktisk framstilling av forbodet mot tildelingar av offentleg støtte og kva tiltak som er lovlege innafor regelverket.
2015.04.15 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Korleis lukkast med kultur for alle?
Er vi i Sogn og Fjordane flinke nok til å ivareta utviklingshemma sine rettar i eit aktivt kulturliv? Kan vi bli betre? Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse i Førde 20. Mars. Meld deg på her.
2015.03.13 av Sigrun Espe
Les meir
Musikk frå livets begynnelse
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til kurset "Musikk frå livets begynnelse" 10. april 2015. Kurset gjev kompetanse til å leie grupper i musikk og samspel med foreldre og barn.
2015.02.06 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Fotball for alle?
Kva er det som får ein tidlegare profesjonell fotballspelar til å skrive spennande bøker for barn? Og kvifor har ein journalist med tidlegare laber fotballinteresse no oppdrag for ein av dei største klubbane i verda, Liverpool FC? 12.februar i Hafstadparken kan du møte begge to.
2015.01.27 av Guro Høyvik
Les meir
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs på Skei 26. januar. Gjennom dette kurset får deltakarane god kunnskap om prosjektleiarprosessen, som femnar om organisering og styring av prosjektarbeid.
2015.01.16 av Marit Brennset
Les meir
Miljøseminar for akvakultur 2015
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet og FHL glede av å invitere til miljøseminar i Florø 10.-11. februar. Seminaret legg vekt på miljøspørsmål knytt til setjefisk og matfiskanlegg.
2015.02.20 av Birte Tuxen Bø
Les meir
Kulturfestivalen 2015
Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med fylkeskommunen til ny kulturfestival for menneske med utviklingshemming. Festivalen i 2015 vert arrangert på Rica Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 20. -22. Mars.
2014.11.26 av Marit Brennset
Les meir
Seminar om miljømål og tiltak i regulerte vassdrag
Vassregionmynda for Sogn og Fjordane vassregion inviterte til seminar om regulerte vassdrag 18. november 2014. Her kan du sjå seminaret i opptak.
2014.11.20 av Marit Brennset
Les meir
Tiltaksforum 2014
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til nettverkssamling for næringsmedarbeidarane tysdag 11. og onsdag 12. november 2014, på Alexandra Hotel i Loen.
2014.10.21 av Marit Brennset
Les meir
201 deltok på IT-forumkonferansen onsdag 1. og torsdag 2. oktober i Førde
IT-forumkonferansen, som vert arrangert for 20 gong på Rica Sunnfjord Hotel i Førde, har hatt 201 personar som har delteke på heile eller deler av konferansen. Dei fekk oppleve 20 programpunkt leia av kaospilotane Nils og Ronny. Her kan du også sjå opptak frå konferansen.
2014.10.03 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Presentasjonar frå anleggskonferansen 2014
Presentasjonane frå anleggskonferansen 2014 finn du her. Konferansen vart arrangert 23. september i Førde.Fleire presentasjonar vert lagt ut etterkvart.
2014.10.05 av Guro Høyvik
Les meir
Politikardag 22. september
Det vert politikardag på Fylkeshuset måndag 22. september. Program og presentasjonar kan du sjå her.
2014.09.23 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Vekst i Vest
I fjor samla konferansen 300 deltakarar. I år vil dei òg at konferansen blir eit viktig treffpunkt.
2014.09.22 av Marit Brennset
Les meir
Nettverkssamling for ungdomsråd 8. og 9. november 2014
Ungdomspolitisk utval (UPU) inviterer medlemar frå ungdomsråd i heile fylket til Nettverkssamling i november. På årets samling vert det fokusert særskilt på korleis eit ungdomsråd fungerer. Målet med samlinga er at ungdomsråda skal verte betre og at at medlemmane skal ha meir å bidra med når dei kjem attende til sin kommune.
2014.10.30 av Guro Høyvik
Les meir
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs på Skei 14. og 15. oktober. Gjennom dette kurset får deltakarane god kunnskap om prosjektleiarprosessen, som femnar om organisering og styring av prosjektarbeid.
2014.10.16 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Workshop i søknadsskriving til Norsk kulturminnefond
Har du planar om å søkje støtte til istandsetjing av ditt kulturminne? Trenger du råd og rettleiing i arbeidet med din søknad?
2014.09.04 av Marit Brennset
Les meir
Rådgjevarkonferansen 2014
Den årlege rådgjevarkonferansen blir på Hotel Alexandra tysdag 11. og onsdag 12. november.
2014.08.19 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Invitasjon til arbeidsverkstader
Fylkeskommunen ynskjer eit samarbeid med statlege organ, kommunar og organisasjonar for å forme innhaldet og utforminga av ein regional plan for folkehelse.
2014.08.19 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Læreplasskurs – tilbod til deg som endå ikkje har fått læreplass
Ungdom som ynskjer læreplass, men som ikkje har fått plass innan 15. august, får no tilbod om Læreplasskurs. Kurset skal gjere søkjaren meir kvalifisert til å få læreplass.
2014.08.13 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Natur- og kulturarven skal sette fylket på kartet
Korleis skape verdiar av å oppleve natur og kultur? Konferansen "Gull, gråstein og ruinar: korleis skape verdiar av å oppleve natur og kultur" tek opp dette temaet, verdiar som kan bli ein økonomisk berebjelke lokalt. Påmelding innan 17. oktober.
2014.10.27 av Guro Høyvik
Les meir
Grunnlovsjubileum med besøk i verda til eidsvollsmannen Ole Elias Holck
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer saman med Høyanger kommune og Riksantikvaren til feiring av grunnlovsjubileet på futegarden Alværn i Lavik 29. juni. Stikkord er Ole Elias Holck, boklansering, utstilling, musikk og mat.
2014.06.24 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Kurs i digitale forteljingar 1. og 2. september
Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med NCE Tourism og Eid kommune inviterer til todagarskurs i digitale forteljingar. Målet med kurset er å produsere forteljingar om kulturarv og lokale kulturminne i kommunane i Sogn og Fjordane og publisere desse på digitaltfortalt.no, Kulturrådet si satsing på digital formidling av kulturarv.
2014.06.16 av Sigrun Espe
Les meir
Politikardag på Fylkeshuset 26. mai
Det vert fellesorienteringar for heile fylkestinget på politikardagen 26. mai. Her får personar og organisasjonar frå heile fylket høve til å leggje fram aktuelle saker for fylkespolitikarane.
2014.05.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
 
Invitasjonar
Gjennomførte konferansar 2015
Gjennomførte konferansar 2014
  Oppdatert 06/11/2015