Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein samarbeidsorganisasjon for løysing av offentlege saker. Hovudansvarsområda er opplæring, tannhelse, samferdsle, kultur, næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og planlegging.
Mange av oppgåvene blir gjennomførte gjennom lover og reguleringar, som staten har pålagd fylkeskommunen. I tillegg tek fylkeskommunen på seg andre viktige oppgåver, som ikkje er pålagde ved lov eller regulerte av andre offentlege etatar.
Det viktigaste for fylkeskommunen, er at den på ein god måte gjennomfører oppgåver som er viktige for folket i Sogn og Fjordane.
Fylkeskommunen er ein viktig tilbydar av tenester med eit årleg driftsbudsjett på omlag 2400 mill. kroner og har meir enn 1500 tilsette. Det tilsvarer 1100 årsverk.
Fylkeskommunen er det øvste politiske nivået i Sogn og Fjordane, styrt av folk i fylket gjennom dei politiske organa. Fylkeskommunen er såleis eit verkty både for folket i Sogn og Fjordane og for Stortinget og regjeringa.
No documents found
 
Kontakt oss
Om fylkeskommunen
Anna
  Oppdatert 06/11/2015