Nytt fylkesting vart konstituert 26. oktober 2011.

Politiske hovudorgan i fylkeskommunen
Det er folket i Sogn og Fjordane som styrer fylkeskommunen. Det gjer dei ved å velje sine representantar til fylkestinget. Fylkestinget vel fylkesordførar, fylkesvaraordførar og fylkesutval, og avgjer samansetjing av hovudutvala.

Fylkesordføraren
er fylkeskommunen sin fremste politiske og rettslege representant. Fylkesordføraren er den som til vanleg representerer fylkeskommunen.

Fylkestinget
er fylkeskommunen sitt øvste organ. Fylkestinget samlast til vanleg fire gonger i året.

Fylkesutvalet
tilsvarar omlag formannskapet i kommunen. Utvalet møtest som regel ein gong i månaden.

Hovudutvala
Fylkeskommunen har fire hovudutval med ansvar for kvar sin sektor. Hovudutvala har delvis avgjerdsrett, delvis rådgjevande funksjon til fylkesutvalet eller fylkestinget. Dei fire hovudutvala er hovudutval for opplæring, hovudutval for plan og næring, hovudutval for kultur og hovudutval for samferdsle.

Fylkesrådmannen
Fylkesrådmannen er leiar for fylkeskommunen sin administrasjon. Han førebur saker for fylkesting, fylkesutval og hovudutvala, og har elles tilsyn med heile den fylkeskommunale forvaltninga.

Historikk
Fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå vart skipa ved formannskapslovene i 1837, samstundes med kommunane. Representantane til Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket, ein representant frå kvar kommune.

Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden, og representasjonen gjenspegla noko meir folketalet i kommunane. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere såkalla sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Dette gav seg uttrykk ved direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet (tidlegare Nordre Bergenhus Amt). Som administrativ eining har Sogn og Fjordane fylke eksistert frå 1763 då Bergenhus Amt vart delt.

No documents found
 
Val
Politiske organ
Sendingar frå fylkestingsmøta
Politisk leiing
Reglement og rutinar for folkevalde
Andre tema
  Oppdatert 06/11/2015