blank Ragnhild Lund Ansnes
Ragnhild Lund Ansnes. Foto: Grethe Borsum.
blank
Fotball for alle?
Kva er det som får ein tidlegare profesjonell fotballspelar til å skrive spennande bøker for barn? Og kvifor har ein journalist med tidlegare laber fotballinteresse no oppdrag for ein av dei største klubbane i verda, Liverpool FC? 12.februar i Hafstadparken kan du møte begge to.

Dei skal fortelje om kva fotball har betydd for dei, frå eit spelar- og frå eit supporterperspektiv. Det vert også paneldebatt om "fysisk aktivitet for alle".

Ny satsing
Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Den kulturelle skulesekken, Fylkesbiblioteket og rådgjevar for fysisk aktivitet som står bak arrangementet. Målsetjinga med arrangementet er å formidle litteratur til barn og vaksne på ein ny måte og på ein ny stad, i fotballgarderoben. Vi ynskjer også skape debatt kring visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 - 2017; «fysisk aktivitet for alle». Målgruppa for arrangementet er fotballspelarar i årsklassane 2002, 2003 og 2004, saman med foreldre, trenarar og leiarar for desse.

Program


Oppmøte og registrering kl. 17.00

Forfattarbesøk, 17.15 – 18.30
• Ragnhild Lund Ansnes, forfattar av «Liverpoolhelter»
• Arild Stavrum, forfattar, tidlegare trenar og fotballspelar

Gjennom høgtlesing, videosnuttar og forteljingar viser Ansnes og Stavrum korleis fotball og lesing kan gjere oss til ein betre spelar, lagspelar og kanskje også til eitt betre menneske? (Ansnes og Stavrum deltek også i paneldebatten.)

Treningsøkt for barna,
18.40 – 20.00 (Utandørs, ta med fotballutstyr)

Paneldebatt, 18.40 – 20.00
• Eli Ånnøy Føleide, barne og ungdomspsykolog i Bufetat
Kva kjenneteiknar barne og ungdomstida?

• Ingar Breilid, fagkonsulent i Sogn og Fjordane idrettskrins
Foreldrevettreglar og føresegnene for barneidrett

• Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins
Breidde og topping i barnefotballen

• Leif Arne Åsen, styreleiar i Førde IL fotball
Kva seier Førde IL fotball sin sportsplan om målsetnad med fotball for denne aldersgruppa ?

• Bernt Jo Vole, koordinator i Liverpoolakademiet
Kva føringar ligg til grunn i Liverpoolakademiet for fotball for denne aldersgruppa

• Ragnhild Lund Ansnes og Arild Stavrum deltek også i paneldebatten

Stad og tidspunkt
Førde IL sitt klubbhus i Hafstadparken, 12.februar kl. 17.15 – 20.00
Det er gratis inngang, og enkel servering

Programmet og informasjon om arrangementet i pdf-versjon finn du her.


Påmelding
Du kan melde deg på her: https://sfj.pameldingssystem.no/pamelding-fysisk-aktivitet-for-alle-fotball-for-alle

Les meir www.skulesekken.no, eller på Den kulturelle skulesekken si Facebookside


For meir informasjon

Øyvind Sunde Høstaker
koordinator, Den kulturelle skulesekken
kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
mobil: 952 22 168
e-post: oyvind.sunde.hostaker@sfj.no

Atle Skrede
rådgjevar fysisk aktivitet
kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
mobil: 415 30 716
e-post: atle.skrede@sfj.no


Publisert av: Guro Høyvik
Dato: 27. januar 2015 - kl. 12:46


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015