blank Thomas Bickman IKKJE BRUK
Thomas Bickhardt/Bickfoto
blank
Tiltaksforum 2014
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til nettverkssamling for næringsmedarbeidarane tysdag 11. og onsdag 12. november 2014, på Alexandra Hotel i Loen.

Tema er næringssamarbeid for utvikling og vekst i lokalt næringsliv. Korleis motivere og legge til rette for næringssamarbeid i teori og praksis. Vi har fått med oss sunnmøringar og Måløyværingar for å fortelje korleis dei har skapt vekstbedrifter gjennom næringssamarbeid.

Tiltaksforum er også ein sosial nettverksarena for å diskutere felles utfordringar og moglege løysingar.

Lat oss treffast i Loen!

Elektronisk påmelding her seinast måndag 3. november. Programmet finn du i same lenka.


Publisert av: Marit Brennset
Dato: 21. oktober 2014 - kl. 09:06


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015