blank IT forum 2014
Dekningsdirektør Bjørn Amundsen på IT-forumkonferansen i Førde 1. oktober 2014. Foto: IT-forumkonferansen
IT forum 2014
Silje Vallestad på IT-forumkonferansen i Førde 1. oktober 2014. Foto: IT-forumkonferansen
blank
201 deltok på IT-forumkonferansen onsdag 1. og torsdag 2. oktober i Førde
IT-forumkonferansen, som vert arrangert for 20 gong på Rica Sunnfjord Hotel i Førde, har hatt 201 personar som har delteke på heile eller deler av konferansen. Dei fekk oppleve 20 programpunkt leia av kaospilotane Nils og Ronny. Her kan du også sjå opptak frå konferansen.

Dei tre hovudtema har vore velferdsteknologi, rekruttering og digitaliseringsløysingar. Konferansen vert avslutta med eit eige temamøte om breiband.

Her kan du sjå opptak frå konferansen.

– Då Dagmar herja på Vestlandet hadde Telenor i gjennomsnitt 3 timar batteribackup på sine stasjonar i Sogn og Fjordane. Dette er no auka til eit snitt på 7 timar, og er eitt av fleire større grep vi har gjort for å ha betre beredskap i kriser. Dette fortalde dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, på andre dag av IT-forumkonferansen i Sogn og Fjordane. 

Han fortalde at dei har fått mykje skryt for handteringa av situasjonen med brannen i Lærdal, og kva dei har lært av den og andre kriser som kom tett ein periode.

Opna og avslutta med sang og gratulasjonar
Leiar av IT-forum Jan Heggheim opna konferansen i går med sang, og fortsatte med å gratulere fylket med 40 friske millionar til utbygging av breiband.

– Dette inspirerer og gjev oss nye moglegheiter for å få god dekning i store deler av fylket, sa han.

– Tidlegare søknadar har på det meste gjeve ca 10 millionar, men godt arbeid, og ikkje minst samarbeid mellom mange, og at vi samla så mange kommunar bak søknaden, er noko av forklaringa på at vi lukkast så godt denne gongen.

Røynsler frå tidlege oppvekstår i Florø var viktig
Silje Vallestad, som kom til konferansen rett frå USA, delte grunderrøynslene sine med den fullsette salen på Rica Sunnfjord Hotel.

– Det å få prøve seg allereie som 14 åring i Florø var avgjerande for at eg seinare torde å ta sats og prøve ut ideane eg hadde. Det utvikla trua mi på at også eg kunne gjennomføre ting eg trudde på. Støtte frå andre i oppstartfasen var også viktig. Vi skal tru på deg sjølv om du feilar, fordi du prøver, var det nokre som sa. Dette påverka også valet eg gjorde.

– Små stadar som Florø har nokre fordelar med at det er lettare for ungdom å sleppe til. Det et lett tilgjenge til dei som bestemmer, det er og ein faktor som utviklar trua på at du kan utgjere ein forskjell.

Vi treng folk og vi får folk
Leif Arne Skaar frå Enoro var raus med skryten til Framtidsfylket, verksemda som organiserer karrieremesser i dei tre største byane i Norge.

– Samarbeidet med dykk i mange år har vore viktig i vårt rekrutteringsarbeid, sa han til applaus frå salen. Enoro har auka frå 6 tilsette i 2000, til 80 i dag. Av desse arbeider 75 i Dale.

– Vi treng gode folk og vi får dei, var hans konklusjon.

Fem separate straumkjelder
Edvin Brun frå Bluefjords i Luster fortalde at dei har straumforsyning frå fire kraftstasjonar på separate linjer inn til til sitt anlegg. Når dei i tillegg har generator og fleire separate fiberkablar inn til anlegget meinte han at dei kan til by svært sikker lagring og prosessering av store datamengder på anlegget.

Ja til ny teknologi, men ha den gamle i beredskap
Håvard Stensvand frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane sa at ein i tillegg til vidareutvikling av moderne kommunikasjon, i til dømes det nye naudnettet, må kartleggje og samarbeide med dei som har godt gammaldags sambandsutstyr som VHF radioar, når kriser oppstår.

– Røde Kors og andre har velfungerande sambandssytem som er viktige, sa han.

I eit pilotprosjekt som går i fleire fylke er Førde og Leikanger kommune med frå Sogn og Fjordane. I prosjektet skal ein bygge opp EIN stad i kommunen der kriseleiing og innbyggjarar har mobildekning når straumen går.

For meir informasjon:
Jan Heggheim
Leiar IT-forum

fylkesdirektør, næringsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger
Jan.Heggheim@sfj.no
tlf: +47 57656230 | mob: +47 90566623


IT-forumkonferansen
Medarrangør - Tom Farsund – 901 18 254


Publisert av: Siw Heidi Bäckström
Dato: 3. oktober 2014 - kl. 11:23


Relaterte dokumenter:


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015