blank logo regionale forskingsfond blank
Millionløyving til vestnorske forskingsprosjekt
Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 26,4 millionar kroner til nye og spennande forskingsprosjekt i landsdelen. Lærdal Elveeigarlag og Førde kommune er blant aktørane som får forskingsmidlar.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) vedtok 4. juni å gi 26,4 millionar kroner til elleve forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

– Forskingsdriven innovasjon med regionalt utgangspunkt og siktemål er viktig for å løyse dei utfordringane vi står overfor på Vestlandet, og for å nytte på best mogleg måte dei fortrinna vi har i landsdelen. Difor er eg svært glad både for at vi har fått fleire søknader enn nokon gong tidlegare, og for at kvaliteten er jamt over aukande, seier Åshild Kjelsnes, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.

Auka verdiskaping frå sportsfiske i Lærdalselva
Lærdal Elveeigarlag får tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga er å bidra både til best mogleg lakseforvalting og til høgast mogleg verdiskaping frå framtidig sportsfiske i Lærdalselva.

Etter at parasitten Gyrodactylus salaris første gong vart påvist i Lærdalselva i 1996, har vassdraget vore behandla med både rotenon og surt aluminium. Den langvarige kampen mot lakseparasitten ser ut til å verte krona med hell, og om alt går etter planen, vert elva friskmeldt i 2017.

Sportsfiskerettane vert gjerne omsette gjennom langtidskontraktar, og kor attraktive desse kontraktane er, har nær samanheng med forventingane om storleiken på fisken og kor stabile bestandane er. Difor vil elveeigarlaget blant anna forske på føresetnadene for å sikre livskraftige laks- og aurebestandar med høg snittvekt. Dei vil òg sjå nærare på korleis ein best skal utløyse den betalingsviljen som finst i marknaden for storfiske i kombinasjon med unike kultur- og naturopplevingar.

– Lærdalselva har ei historie som ei av dei beste storlakselvene i landet og har absolutt potensial til å nå gamle høgder. Difor er det viktig å leggje til rette både for berekraftig forvalting av fiskestammane og for ei verdiskaping som kjem lokalsamfunnet til gode, seier Kjelsnes.

Lærdal Elveeigarlag skal gjennomføre forskingsprosjektet i samarbeid med Vestlandsforsking, Norsk Institutt for Naturforskning, INAQ AS, Ferskvannsbiologen Leif Magnus Sættem, Østfold Energi AS og Norsk Villakssenter.

Meir effektiv rapportering i offentleg sektor
Førde kommune får 2,1 millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga er å utvikle nye og meir effektive metodar for rapportering frå kommunar til stat. Norske kommunar er pålagde å rapportere jamleg til ulike statlege instansar på ei rekke forvaltingsområde. Det vert ferdigstilt svært spesifikke og detaljerte rapportar til bestemte tidsfristar, noko som både er svært ressurskrevjande for kommunane, og som fører til at moglegheitene for gjenbruk er små.

Gjennom forskingsprosjektet som no får støtte frå RFF Vestlandet, ønskjer ein å utvikle smartare og meir effektive rapporteringsløysingar basert på opne data, der statlege instansar sjølve kan hente ut den informasjonen dei har behov for på ønska tidspunkt. Prosjektet omfattar også ei kartlegging av ressursbruken knytt til rapportering blant alle kommunane i Sogn og Fjordane, slik at ein kan blinke ut dei områda der gevinsten av å effektivisere vert størst.

– Det er forska forsvinnande lite på utvikling av meir effektive rapporteringsmetodar, så her kan overføringsverdien til heile offentleg sektor vere stor. Prosjektet er også spennande fordi det tar eit nedanfrå-og-opp-perspektiv og ser utfordringane frå kommunal side, seier Kjelsnes.

Initiativet til prosjektet kjem frå eit breitt samansett partnarskap i Sogn og Fjordane, som i tillegg til Førde kommune inkluderer kommunane Flora, Sogndal og Eid, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og UNI Research.

Stor interesse for regionale forskingsmidlar
Fondet fekk totalt 38 søknader i denne tildelingsrunden, og søkjarane bad om støtte på til saman godt over 100 millionar kroner. Fondsstyret løyvde midlar til totalt elleve prosjekt innanfor satsingsområda energi (3), offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet (4), reiseliv (1) og sjømat (3). Sistnemnte er ei fellesutlysing i samarbeid med det regionale forskingsfondet i Nord-Noreg. Søknadane om midlar til forsking på berekraftig matproduksjon i grøn sektor nådde ikkje heilt opp denne gongen.

– Generelt ser vi at kvaliteten på søknadene går opp år for år, og det er kanskje særleg gledeleg å sjå kvalitetshevinga på søknadene frå aktørar i offentleg sektor. Eg trur fondet ikkje berre har bidratt til auka interesse for forskingsdriven innovasjon i offentleg sektor, men også til auka forståing av at det er viktig at kommunar og fylkeskommunar sjølve tek regien på en del forskingsprosjekt. Slik sikrar vi at forskinga har relevans for kvardagen og utfordringane i offentleg sektor, seier Kjelsnes.

Fondet nådde ein ny milepåle i denne tildelingsrunden då søknaden frå Ewos Innovation – forskingsselskapet til fiskefôrprodusenten Ewos i Bergen – fekk absolutt toppkarakter av fagpanelet oppnemnt av Noregs forskingsråd.

– Dette er ein sjeldan karakter også innanfor Forskingsrådet sine eigne forskingsprogram, og ei vurdering som inneber at ein ligg heilt i forskingsfronten på sitt felt og har skissert eit opplegg av verdsklasse, fortel Kjelsnes.

Det var fleire søkjarar med svært gode prosjekt som fekk avslag denne gongen, og fondet oppmodar desse om å søke på nytt i neste utlysing, som har frist 14. oktober. Utlysinga gjeld både berekraftig matproduksjon, energi, reiseliv og innovasjon i offentlege ansvarsområde.

Desse fekk forskingsmidlar i denne tildelingsrunden

Ansvarleg søkjar Prosjekttittel Sum
Bergen kommune v/byrådsavdeling for helse og omsorg Tannhelsetilbudet til pasienter i hjemmesykepleien Inntil 1,1 mill.
Lindås kommune Alarmmottak som sentral utfordring og mulighet i et kommunalt omsorgsteknologitilbud Inntil 3 mill. kr
Flow Design Bureau AS Konsekvens og aktiv bruk av fri gass i vannturbiner Inntil 1 465 000 kr
Ewos Innovation AS Improved feed for salmon through the selection of protein ingredients based on their functional properties Inntil 3 mill. kr
Lerøy Seafood Group ASA Utvikling av en sesonguavhengig protokoll for intensive produksjon av regnbueørret (O. Mykiss) Inntil 3 mill. kr
Førde kommune Smartare rapportering! Innovasjon gjennom nye modellar for rapportering mellom kommunar og stat Inntil 2,1 mill. kr
Lyse Energi AS Prinsipper, metoder og styringsgrensesnitt for universelt utformet velferdsteknologi Inntil 2 mill. kr
Lærdal Elveeigarlag Auka verdiskaping i sportsfisket i Lærdalselvi – kunnskapsbasert lokal forvaltning for å sikre bærekraftige naturopplevingar i verdsklasse Inntil 3 mill. kr
Quantidoc AS Family, Mucous, and salmon lice (FaMouS Lice) – covariance of mucosal dynamics and family for louse resistance in salmon Inntil 3 mill. kr
Sekal AS DrillTronics som sentral hub i borekontrollsystem for å muliggjøre boreautomatisering Inntil 2 mill. kr
Anderaa Data Instruments AS Iskantseilas – målinger i ishavet med to ubemannede farkoster 2 768 000 kr

Endeleg støttebeløp vert fastsett etter forhandlingar. Alle søkjarar vil få brev med vedtak og vurdering av søknaden.

For meir informasjon, kontakt sekretariatet på forsking@hfk.no eller
Jone Engelsvold
sekretariatsleiar RFF Vestlandet
55 23 93 25 / 976 60 477

Arne Monrad Johnsen
seniorrådgivar RFF Vestlandet
415 30 978

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 5. juni 2015 - kl. 09:37


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015