blank bolgja blaa opplaering 250px bølgja blå blank
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs
Fylkeskommunen inviterer til PLP-kurs på Skei 14. og 15. oktober. Gjennom dette kurset får deltakarane god kunnskap om prosjektleiarprosessen, som femnar om organisering og styring av prosjektarbeid.

Fylkeskommunen og samarbeidspartnarane arbeider med å styrke næringsarbeidet, og som ein del av dette vert det no arrangert kurs i PLP. Kursleiar er Tom Joensen, som til dagleg er rådmann i Bremanger kommune.

Målgruppa for kurset er tilsette i kommunar og næringsselskap. Du som arbeider i næringsapparatet står dagleg overfor søknader om prosjektfinansiering. Mange offentlege søknadsskjema er utforma i tråd med PLP. Då er det godt å ha god kunnskap om PLP slik at du kan rettleie gründerar og lokalt næringsliv.

Dei fleste kommunane har sendt inn søknad om midlar til utbygging av breiband. Gjennomføringa av slik utbygging er ofte organisert som prosjekt. Derfor inviterer vi spesielt medarbeidarar med ansvar for utbygging av breiband.

Har du behov for opplæring i PLP, men kjem ikkje inn under dei to målgruppene ovanfor? Vi skal prøve å få plass til deg også. Om det skulle syne seg å vere for få plassar vil vi planlegge nytt kurs.

Kurset startar opp 14. oktober kl 9.30, på Skei Hotell.

Påmelding innan 7. oktober til:

Jan Ivar Rise
E-post: jan.ivar.rise@sfj.no
Tlf: 415 30 699


Publisert av: Siw Heidi Bäckström
Dato: 16. oktober 2014 - kl. 09:30


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015