blank Åshild Kjelsnes fylkesordførar Kristjan Logason blank
Fylkesordføraren fryktar eit mindre trygt Sogn og Fjordane
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er svært skuffa over resultatet av politireforma. Ho er redd reforma vil føre til svekt tryggleik for folk i Sogn og Fjordane, som fylgje av svekt beredskap.

Resultatet av forliket i arbeidet med politireforma er at Sogn og Fjordane vert slege saman med det meste av Hordaland til eit nytt politidistrikt – politidistrikt Vest. Sogn og Fjordane vert dermed ikkje lenger eit eige politidistrikt.

– Eg fryktar dette vil slå særs negativt ut for Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Krevjande geografi og topografi
Kjelsnes meiner konsekvensane av samanslåinga vert mindre lokalkunnskap, redusert effektivitet i beredskapsarbeidet og dårlegare grunnlag for samhandling.

– Det vil bli kritisk for Sogn og Fjordane. Fylket har det største arealet av alle fylka på Vestlandet, med ein særs krevjande geografi og topografi. Eit særtrekk ved fylket vårt er at det er busetnad i heile fylket, samtidig som vi bur veldig spreidd. Dette stiller særleg strenge krav til god lokalkunnskap, rask respons, gode samarbeidsrutinar og totaloversyn over ressursar og tilgjengelegheit, seier fylkesordføraren.

Ho meiner ei samanslåing med Hordaland vil kunne svekke den beredskapskompetansen som er bygd opp i fylket. Og som mange andre ser til, for å lære av det vi har fått til.

Greidde ikkje å kjempe samla
Kompetansen i fylket har vore avgjerande for å hindre totale katastrofar ved ei rekke hendingar dei seinare åra. Fylkesordføraren trekkjer fram brannane i Gudvangatunnelen og i Lærdal, stormane Dagmar og Hilde, flaumane i Lærdal og i Flåm som døme på dette.

– Eg må sterkt beklage at det ikkje lukkast for Sogn og Fjordane å mobilisere samla for at fylket skulle halde fram som eige politidistrikt. Etter at regjeringa og Venstre la fram avtalen sin har ikkje eit samla fylke kjempa for Sogn og Fjordane som eige distrikt. Det har heller ikkje ein samla stortingsbenk gjort. Dette har svekt mogelegheitene våre til å vinne fram. Det må vi lære av til seinare kampar for dei felles interessene til fylket. Det er ein dyr lærdom, understrekar fylkesordføraren.

Må mobilisere for å sikre kompetanse i fylket
Fylkesordføraren konstaterer også at Sogn og Fjordane Arbeidarparti i den nasjonale samanhengen ikkje vann fram med det sterke ønsket om å halde på Sogn og Fjordane som eige politidistrikt. Arbeiderpartiet samla seg om ei løysing som nasjonalt vart ei betre løysing enn det som var forhandla fram i den opphavlege avtalen mellom regjeringa og Venstre.

– For Sogn og Fjordane er det til lite hjelp, og eg er utruleg lei meg for at vi ikkje vann fram. No må vi mobilisere alle krefter for å få lokalisert så mykje politiressursar og kompetanse som mogeleg til fylket. Som fylkesordførarar forventar eg at det vert laga ei ordning som sikrar den gode beredskapskunnskapen og -tenesta vi har i fylket, i staden for å gå blindt etter nye, strukturelle teoriar. Det er viktig for at innbyggjarane våre skal ha gode tenester i eige fylke i framtida, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

For meir informasjon
Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
918 88 568
ashild.kjelsnes@sfj.no

 

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 1. juni 2015 - kl. 13:56


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015