blank Kulturminnefondet
Våningshuset på Øvste-Stegen i Aurland. Tunet er innanfor verdsarområdet Vestnorsk fjordlandskap.
blank
Workshop i søknadsskriving til Norsk kulturminnefond
Har du planar om å søkje støtte til istandsetjing av ditt kulturminne? Trenger du råd og rettleiing i arbeidet med din søknad?

Eid kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturminnefond held kurs/workshop i søknadsskriving om tilskot frå Norsk kulturminnefond.

Kurset vert lagt opp i to delar. I del ein vil Norsk kulturminnefond gå gjennom søknadsskjema og krav til søknad. Det vert også gitt informasjon om andre tilskotsordningar som er relevante for eigarar av verneverdige bygningar.

Del to vil vere ein workshop der kvar enkelt kursdeltakar kan få hjelp med sin søknad om støtte frå Kulturminnefondet. Til denne workshopen er det fint om du tek med eit bilete av kulturminnet du skal søkje om tilskot til.

Kurset er ope for alle, men rettar seg spesielt inn mot dei som har planar å om søkje støtte frå Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet sin søknadsfrist for 2015 er 1. november.

Tid: Tysdag 16. september kl. 18.00 - ca. 21.00

Kursstad: Kommunestyresalen i Eid rådhus

Påmelding: Send e-post til arlen.synnove.bidne@sfj.no eller ring tlf. 41 53 09 34

Påmeldingsfrist: 14. september

Det er inga kursavgift.

Ved spørsmål, ta kontakt med Arlen Bidne: 
Tlf: 41 53 09 34
E-post: arlen.synnove.bidne@sfj.no


Publisert av: Marit Brennset
Dato: 4. september 2014 - kl. 10:31


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015