blank Førdekonferansen. Foto: Førdefestivalen
Førdefestivalen vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel 2. juli. (Foto: Førdefestivalen)
blank
Førdekonferansen 2015: kultur, frivilligliv og tillit
Torsdag 2. juli vert Førdekonferansen arrangert for sjette gong. Konferansen er ein del av Førdefestivalen, og i år vert kulturen, frivilliglivet og tillit sett på dagsorden.

I Noreg har vi uvanleg sterk tillit til kvarandre og samfunnet. Men frivilligliv og deltaking i samfunnslivet er i endring. Kva skjer med samfunnet vårt som ein konsekvens av dette? Kan endringane påverke viktige fundament i samfunnet vårt, som ytringsfridom og høvet til å ytre seg? Og vil nye norske borgarar vere ein del av denne frivilligkulturen?

Direktøren i Fritt Ord kjem
Mellom foredragshaldarane er direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, forskar Ivar Eimhjellen frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor og statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag. I tillegg kjem desse innleiarane til konferansen: forskar ved Telemarksforsking Bård Kleppe, artist Lavleen Kaur og leiar i Frivillighet Norge, Sturla Stålsett. Konferansen vert leia av Rolf Sanne-Gundersen.

Konferansen vil også sjå nærare på kulturaktørar som katalysatorar for samfunnsutvikling, og stille spørsmål om kor viktig kulturlivet og festivalane er for lokal og regional samfunnsutvikling. Og korleis ser staten si vidare satsing på festivalfeltet ut?

Førdefestivalen
Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein samarbeidspart for Førdefestivalen, det største kulturelle arrangementet i Sogn og Fjordane. Årets tema på Førdefestivalen 1.–5. juli er World ConneXions, der ein ser på likskapar og samanhengar mellom musikk-, song- og dansetradisjonar i ulike kulturar. Sjå heimesida til Førdefestivalen for meir informasjon eller besøk festivalen på Facebook.

Praktisk informasjon for Førdekonferansen
Torsdag 2. juli kl. 10.30–16.30
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Påmelding
Du kan melde deg på og kjøpe billettar her.

For meir informasjon
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
469 05 010
info@fordefestival.no


Publisert av: Guro Høyvik
Dato: 5. juni 2015 - kl. 09:15


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015