blank Enok illustrasjon blank
Fylkesutvalet løyvde 1,9 millionar kroner til enøktiltak
Fylkesutvalet vedtok 3. juni årets tildeling frå det fylkeskommunale enøkfondet. Til saman får kommunar og organisasjonar i fylket inntil 1 928 725 kroner.

Leikanger kommune får mest pengar i denne tildelinga, med inntil 489 725 kroner. Pengane skal gå til ei rekke tiltak ved Leikanger ungdomsskule, blant anna nytt balansert ventilasjonsanlegg og energisentral.

Etter Leikanger kommune følgjer Energikompetansesenteret på Nordfjordeid med 400 000 kroner til ein konferanse om miljø og energi i bygg og eit formidlingsprosjekt om energivenlege løysingar.

Heile lista over tildelingar frå enøkfondet i 2015 ser slik ut:

  • Leikanger kommune: inntil 489 725 kroner
  • Energikompetansesenteret på Nordfjordeid: inntil 400 000 kroner
  • Vik kommune: inntil 305 000 kroner
  • Jølster kommune: inntil 254 000 kroner
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane: inntil 200 000 kroner
  • Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd: inntil 135 000 kroner
  • Fjordvarme AS: inntil 100 000 kroner
  • Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, lokallaget Indre Sunnfjord: inntil 25 000 kroner
  • Miljøagentane, Barnas Miljøvernorganisasjon: inntil 20 000 kroner

Du kan lese meir om kva dei får støtte til i saksutgreiinga.

Dei som no får støtte, må realisere tiltaka innan 15. desember 2016 for å få utbetalt pengane. Dersom ikkje, går pengane tilbake til fondet.

 

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 3. juni 2015 - kl. 13:14


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015