blank Naturen som læringsarena for barn 2015 illustrasjon_5mai
Illustrasjonsfoto.
blank
Inviterer til konferanse om naturen som læringsarena for barn
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til konferanse i Sogndal 5. mai. I samband med friluftslivets år er temaet for årets fysisk aktivitet- konferanse barn, læring og natur.

Programmet inneheld både teori og praktiske økter, og foredragshaldarane tek opp tema som fagleg læring i naturen, betydinga av leik i naturen, friluftsliv for born og praktiske dømer på utandørsaktivitetar. Friluftslivorganisasjonar i Sogn og Fjordane deltek også på konferansen og presenterer sine tilbod til barn og unge. Heile programmet finn du her.

Målgruppe
Konferansen er for tilsette i barnehage, SFO og skule, skule- og barnehageeigarar, studentar, tilsette i kommune og fylkeskommune, frivillige lag og organisasjonar og alle andre interesserte.

Stad
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal. Nærare informasjon om rom kjem seinare.

Pris
Pris pr. deltakar er kr. 250, inkl. lunsj.
Vert fakturert i etterkant.

Påmeldingsfrist
Frist for påmelding er 30. april 2015.

Påmelding

Elektronisk påmeldingsskjema

Få informasjon og sjå innlegg på Facebook
www.facebook.com/groups/352333081543928/

Meir informasjon
Jostein Sanderud
Telefon: 57 67 63 25
E-post: jostein.sanderud@hisf.no
Avdeling: Avdeling for lærarutdanning og idrett


Publisert av: Guro Høyvik
Dato: 22. april 2015 - kl. 14:06


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015