blank illustrasjon fotball fysisk aktivitet
Illustrasjon.
blank
37 millionar i spelemiddelkroner til 60 anlegg i fylket
Sogn og Fjordane fekk i år meir spelemidlar enn nokon gong – heile 37 millionar kroner. 2. juni fordelte hovudutvalet for kultur pengane til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv over heile fylket.

Sogn og Fjordane fekk ni millionar meir i spelemidlar i år enn i fjor. Noko av grunnen til det er fleire søknadar frå Sogn og Fjordane i år enn i fjor. Søknadsbunden vaks frå 189 søknadar i 2014 til 246 søknadar i år. Ei anna viktig årsak er at eit større overskot frå Norsk Tipping no går til idrettsføremål.

Ein av grunnane til veksten i søknadsbunken er systematisk arbeid med å kvalitetssikre søknadane. Fylkeskommunen har dei siste åra samarbeidd nært med idretten, lokale lag og organisasjonar og kommunar for å få fram gode søknadar, som igjen sikrar fleire kroner til fylket.

Fordelinga av spelemidlane vart klar 2. juni, og heile 60 søkjarar i heile fylket får pengar til anten å etablere nye anlegg eller å rehabilitere eksisterande.

Hovudutvalet for kultur vedtok fordeling av midlane slik fylkesdirektøren tilrådde.

Sjå fordeling av midlane i saksframstillinga.

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 8. juni 2015 - kl. 14:14


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015