blank DKS- og UKM-konferanse september 2015
Det vert eit variert innhald på konferansen. Blant anna skal den italienske teatergruppa Teatrodistinto vise framsyninga
blank
Kulturkonferanse: "Felles barn, felles ansvar"
Fylkeskommunen ved Den kulturelle skulesekken (DKS) og Ungdomens kulturmønstring (UKM) inviterer saman med kulturskulane til kulturkonferanse 17. og 18. september.

Felles utfordringar står på dagsorden, i tillegg til at deltakarane skal kome tett på det som rører seg innan kunst- og kulturformidling for unge. Under temaet «Felles barn, felles ansvar» vert det parallelle samlingar for DKS, UKM og kulturskulane, og nokre for alle der vi tek opp felles utfordringar.

Konferansen vert på Thon Hotel Jølster på Skei.

Felles drøftingar, gjensidig inspirasjon
Årets konferanse er ei vidareutvikling av den årlege DKS- konferansen. Vi ynskjer i år å rette søkelyset mot ein endå større del av kunst- og kulturtilbodet for barn og unge, nemleg UKM og kulturskulane. Målet er at både DKS-kontaktane i grunnskulen, UKM-kontaktane i kommunane og tilsette i kulturskulane skal møtast til felles drøftingar og gjensidig inspirasjon.

Deltakarane på konferansen får oppleve tilbod som skal turnere i Den kulturelle skulesekken komande skuleår, UKM-innslag og ein hyggelig kulturkveld. Det vert lagt opp til diskusjon og opna for innspel der både utøvarar og konferansedeltakarar deltek. Framfor alt er dette ein konferanse der deltakarane kjem tett på det som rører seg innan kunst- og kulturformidling for barn og unge.

Kulturkveld
Styreleiar i Norsk kulturskuleråd, Nils R. Sandal, opnar konferansen torsdag ettermiddag og innleiar då ein innhaldsrik kulturkveld.

Den italienske teatergruppa Teatrodistinto viser framsyninga «Black Sheep», det vert presentasjon av DKS- produksjonen «Byplansjefane» frå Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur, før kvelden blir avslutta med konsert med Gisle Børge Styve Trio.

Fellessamlingar og parallelle samlingar
Fredag vert det ytterlegare fagleg innhald med ulike tema. Under temaet «Felles barn, felles ansvar» vert det parallelle samlingar for Den kulturelle skulesekken, UKM og kulturskulane, og nokre for alle der vi tek opp felles utfordringar.

Fellessamlingane har tema «Elevar som arrangørar» og valfaget «Sal og scene». Her blir det konkrete døme frå kommunar som ser DKS, UKM og kulturskulen i samanheng.

Nærare informasjon og påmelding
Meir informasjon om konferansen og praktisk informasjon

Meld deg på konferansen her

For meir informasjon
Solfrid Bygstad
konsulent, kulturavdelinga / Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane
415 30 610
solfrid.bygstad@sfj.no

Sjå også www.skulesekken.no.

Følg Den kulturelle skulesekken på Facebook.

 


Publisert av: Guro Høyvik
Dato: 8. juni 2015 - kl. 10:05


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015