blank blank
Elev-pc
Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag.

Alternativ 1:

illustrasjon pc. foto: Michael Nobbs, www.flickr.com

Du kan ta med ei berbar maskin du har frå før, eller kjøpa ei maskin der du ynskjer.

Denne må minst ha Windows XP, eller nyare windows, OS X eller Linux, samt antivirus installert (Nettbrett med ios, android eller windows rt kan du diverre ikkje nytta som elev-pc hjå oss)

Alternativ 2:

Du kan kjøpe berbar datamaskin gjennom fylkeskommunal ordning for elev-pc.

Fylkeskommunen subsidierer då maskina slik at den vert rimelegare å kjøpe.

Kort om ordninga:

  • Du kjøper elev-pc gjennom eigen nettbutikk.
  • Du vel om du vil kjøpa grunnmodellen eller ein av to andre modellar, mot tillegg i prisen.
  • Du/føresette betaler via bank- eller kredittkort i nettbutikken.
  • Grunnmodellen kan du kjøpe på avbetaling over tre år. Første avdrag lyt uansett betalast ved bestilling i nettbutikken.
  • Du får 300 kroner i rabatt på grunnmodellen dersom du betaler heile kjøpet ved bestilling.
  • Du kan velje å kjøpe tre-årig forsikring som eit tilval i nettbutikken.
  • Du får tre års garanti på produktet du kjøper.
  • Levering heim til deg per post.
  • Skal du ha maskina innan skulestart lyt du bestille innan 3. juli.
  • Du eig maskina og melder sjølv inn eventuelle førespurnader om service og support til leverandør.

Klikk på overskriftene under, eller scroll nedover for å lese alt du må vite om ordninga.

  1. Elevar som har søkt medium og kommunikasjon
  2. Generell informasjon om ordninga
  3. Bestillingsfrist og varighet for ordninga
  4. Kostnader og stipend
  5. Betaling
  6. Levering
  7. Registrere deg som bruker i nettbutikken
  8. Garanti og sikring mot hendelege uhell
  9. Support og service ved feil, skadar eller tap av maskina
  10. Modellutval, prisar og spesifikasjonar
  11. Viktig om val av maskin
  12. Hjelp og svar på spørsmål

 

Elevar som har søkt medium og kommunikasjon

Skal du gå Medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt ved før du bestiller. Skulen har råd om kva for modell som er best eigna til elevar ved Medium og kommunikasjon. Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du tinge elev-pc, og avbestille undervegs. Betalinga vert då refundert til kontoen som vart nytta ved kjøpet.

Generell informasjon om ordninga

Sogn og Fjordane fylkeskommune har avtale med Atea om levering av berbar PC eller Mac til elevar som startar i Vg1 i den offentlege skulen. Alle kjøp skjer gjennom ein eigen nettbutikk. Sogn og Fjordane fylkeskommune subsidierer kjøp gjennom ordninga. Ordninga sikrar at alle elevar skal få høve til å kjøpe ein PC (grunnmodellen i ordninga) til ein pris som tilsvarar tre gonger lågaste sats for utstyrsstipendet. Elevar kan også velje å kjøpe andre subsidierte modellar mot eit tillegg i prisen.

Du kan berre kjøpe éi maskin gjennom den fylkeskommunale ordninga. Dersom du tidlegare har gått på skule i Sogn og Fjordane fylkeskommune og har fått tilbod om kjøp av elevpc før vil du ikkje kunne nytte deg av ordninga ein gong til.

Fylkeskommunen kontrollerer bestillingane.

Dersom du ikkje byrjar i offentleg videregåande skule, eller dersom du kjøper fleire maskiner, vil ordren din bli avvist.

Bestillingsfrist og varighet for ordninga

For å få maskina til skulestart må du bestille innan 3. juli. Modellane i ordninga vert produsert på bestilling. Det er difor lengre leveringstid her enn om ein bestiller lagervare i andre nettbutikkar. Utsending av pc-ane og Mac-ane startar 20. juli. 

Elevopptak i år er fyrst 7. juli. Dersom du får beskjed om at du ikkje kjem inn på fylkeskommunal skule i Sogn og Fjordane, kan du avbestille etter opptaket og få betalinga refundert.

Dersom du bestiller etter 3. juli, eller dersom du vel å ikkje nytte ordninga, er du og dine føresette ansvarlege for at du stiller med berbar datamaskin til første skuledag.

Dette er viktig då du skal registrera deg digitalt, laste ned programvare, og få opplæring i systema som skulen nyttar.

Ordninga er tilgjengeleg heilt fram til 1. desember 2015. Dette betyr at du kan starte skuleåret med ei maskin du har frå før, og heller nytte ordninga i løpet av skuleåret dersom du ser at maskina di ikkje er tilstrekkeleg.

Kostnader og stipend

Grunnmodellen i ordninga skal ikkje kosta meir enn lågaste sats for utstyrsstipend som elevar får frå lånekassen over tre år. Grunnmodellen vert difor i prinsippet kostnadsfri for alle elevar. Kommande skuleår er lågaste sats for utstyrsstipend 967 kroner. Prisen for grunnmodellen vert då 2901 kroner (om du vel å betale den over tre år). Den reelle kostnaden for maskina er høgare enn dette, men fylkeskommunen dekker resten. Om du vel å betale grunnmodellen i sin heilheit ved bestilling, får de 300 kroner i rabatt slik at den berre kostar 2601 kroner. Du kan også velje å kjøpe dyrare modellar i ordninga.

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på www.lanekassen.no.

Betaling

All bestilling skjer gjennom ein eigen nettbutikk, med sikker betaling via bankkort eller kredittkort. Snakk med banken om du er usikker på om kortet ditt er klart for netthandel.

Avbetaling
Det er berre grunnmodellen du kan kjøpe på avbetaling. Du betaler då første avdrag (967 kroner) ved bestilling på nettet, og får tilsendt faktura på dei to siste avdraga. Avdrag nummer to vert fakturert hausten 2015, og avdrag nummer tre vert fakturert hausten 2016.

Vi minner om at føresette er ansvarlege dersom avdrag to og tre ikkje vert betalt. Dette gjeld elevar som ikkje er myndige ved bestilling gjennom ordninga.

Alle andre modellar enn grunnmodellen må betalast ved bestilling i nettbutikken.

Levering

Maskina du bestiller vert sendt med Posten, og du kan hente den på næraste postkontor eller «Post i butikk». Adressa du registrerer i webportalen er den adressa maskina vert sendt til.

Du vil motta SMS som syner utleveringsstad når pakka er klar til henting. Nummeret du ynskjer å motta SMS-varsel på registrerer du i webportalen ved bestilling.

Utsending av pc-ane og Mac-ane startar 20. juli.

Registrere bruker og handle i nettbutikken

For å kunne handle i nettbutikken må du registrere ein brukar. Dette gjer du eller dine føresette ved å gå til bestillingsportalen og klikke på «registrer»-knappen. Det er eleven sitt namn ein skal nytta ved registrering. Dette er viktig då alle bestillingar vert sjekka opp mot inntakslister og søkjarlister. Etter registrering kjem du rett inn i nettbutikken og kan gjennomføre handelen.

Her kan du registrere deg og handle i nettbutikken.

Garanti og sikring mot hendelege uhell

Alle modellar i ordninga har tre års garanti, men det er berre grunnmodellen i ordninga som har sikring mot hendelege uhell med i prisen (NB: Brann og tjuveri er ikkje dekka. Det kan difor vere lurt å sjekke om dette vert dekka gjennom eigne private forsikringar).

For alle andre modellar i ordninga er tre års sikring mot uhell eit tilval du kan kjøpe når du bestiller.

Sogn og Fjordane fylkeskommune tilrår å kjøpe sikring i tillegg, eller passe på at du eller føresette har annan privat forsikring som kan dekke tap av, eller skader på, maskina kjøpt gjennom ordninga.

Du og dine føresette er ansvarlege for å skaffe ny maskin ved tap eller skade.

Pris på tilval om forsikring for dei ulike modellane:

Support og service ved feil, skadar eller tap av maskina

Datamaskin kjøpt gjennom ordninga er eigd av deg som elev. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina. Alle førespurnader om support, skadar og feilmeldingar skal meldast inn til Atea av elev eller føresett.

  • Førespurnad per telefon til Atea Service Bergen på telefonnummer 55 59 55 55
  • Førespurnad per e-post til Atea Service Bergen: elevsffk@atea.no

Atea vil gje deg attendemelding om motteken feilmelding per SMS eller på e-post.

Dersom Atea finn at maskina må sendast inn, har skulane øskjer og frankeringslappar for kostnadsfri innsending av maskina. På nokre skular er Atea tilstades ein dag per veke for å hente og å levere ut maskiner.

Atea Service Bergen er bemanna 08-16, måndag til fredag.
Adresse: Damsgårdsveien 131, 5150 Laksevåg

I tillegg til førstelinesupport, kan du også nytte produsentane sine supportsider til sjølvhjelp som i mange tilfelle kan gje deg den hjelpen du treng. Men hugs at eventuell feilmelding på PC/MAC skal meldast til Atea.

HP: http://www8.hp.com/no/no/support-dr ivers.html
Apple: http://www.apple.com/no/support/

Modellutval, prisar og spesifikasjonar

Modellar og prisar for ordninga som gjeld for skuleåret 2015/2016 vert lagt ut 1. juni.

Ordninga tilbyr grunnmodellen HP Probook 430, ein kraftigare HP ProBook 650 og MacBook Air. Grunnmodellen er meir enn god nok for dei aller fleste.

Nokre av utdanningsprogramma krev Windows grunna lisensiert programvare som elevane treng. Har du lese og skrivevanskar kan det også hende at du treng Windows for å køyre ulike hjelpeprogram. Les difor her før du vel modell.

  • PC-modellane vert levert med Windows 8 Pro 64bit
  • MacBook Air vert levert med OS X Yosemite
  • Alle modellar vert levert med raske solide ssd-diskar
  • Ingen modellar vert leverte med optisk drev (cd-rom/dvd-rom)

Pris og teknisk spesifikasjon for dei ulike modellane ein kan velje mellom:

HP ProBook 430 (grunnmodellen)

  • Pris 2601,- (eller 2901,- ved avbetaling over tre år)
  • Intel Core i5-5200U 2,2 Ghz Dual Core, 4Gb RAM, 128Gb SSD, 13,3" HD 1366x786, Integrert Intel HD Graphics 5500, 1,5 kg

HP ProBook (Kraftig pc med større skjerm, men noko tyngre enn grunnmodellen)

  • Pris: 5790,-
  • Intel Core i5-4210M 2,6 Ghz Dual Core, 8Gb RAM, 128Gb SSD, 15,6" Full HD 1920*1080, Dedikert grafikkort AMD Radeon HD8750M, 2,3 kg

MacBook Air (Lett tynn mac med standard mac-spesifikasjonar)

  • Pris: 7590,-
  • Intel Core i5 1,6 Ghz Dual Core, 4Gb RAM, 128Gb SSD, 13,3" skjerm, 1,35 kg

Bilete av modellane finn du i nettbutikken.

Viktig om val av maskin

Grunnmodellen kan nyttast på alle utdanningsprogramma (om ikkje anna er avtalt med skulen) og høver godt til dagleg skulebruk.

PC eller Mac?

På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som berre fungerer med Windows. For mange elevar vil PC difor vera det beste alternativet. Dersom du likevel ynskjer å bruka Mac på desse utdanningsprogramma vil du måtte skaffa deg ein Windows-lisens i tillegg, slik at du kan køyre desse programma i Windows på Mac (dual-boot).

Utdanningsprogram der Windows er naudsynt: teknisk-industriell produksjon, byggfag, elektro, IKT-servicefag.

Har du lese og skrivevanskar? Nokre program, som LingDys, Textpilot o.l., er berre laga for Windows. Brukar du desse programma lyt du ha Windows.

Merk: Det finst programvare for Mac som gjer at du kan starte og køyre windowsprogram i OSX, men dette er noko du må kjøpe og installere på eiga hand.

Hjelp og svar på spørsmål

  • Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 57 63 80 00 (måndag til fredag, 08.00-15.00)
  • Spørsmål til Atea om bestillinga di: 468 15 446 eller send e-post til elevsffk@atea.no
  • Informasjonsside frå Atea om service og support: http://www.atea.no/elevpc

Gå til bestillingsportalen.


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 8. juni 2015 - kl. 12:08


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015