blank Førde. Foto: Oskar Andersen
Foto: Oskar Andersen
blank
Regjeringa går for Førdepakken
Regjeringa la fredag 5. juni fram stortingsproposisjonen om Førdepakken. Det er eit viktig steg vidare for utvikling av Førde som by, sykkelby og trafikk-samlingspunkt.

Førde kommune og alle andre som jobbar for Førdepakken, ventar no på handsaminga i Stortinget før sommaren, slik at alle dei gode tiltaka for sunnfjordsbyen kan gjennomførast.

Viktige prosjekt
Målet med Førdepakken er å sikre ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde og leggje til rette for fortetting og byutvikling.

Det er søkt om å bompengefinansiere 20 tiltak i og omkring Førde sentrum. Fem bompengestasjonar vil kome opp i løpet av 2016 (gule sirklar på biletet under). Prosjekta 1–7 er alt under planlegging og/eller prosjektering, og oppstart på byggeplass vil bli så snart anboda er klare og kontraktar på plass.

Det skal samla investerast for 1,5 milliardar kroner. Fylkestinget løyvde i desember 2013 150 millionar kroner til prosjektet.

Førdepakken vil gje nye køyrevegar, nye gang- og sykkeltiltak og opprusting av eksisterande vegnett med tilrettelegging for gåande og syklande.

Fellesskap
Førde kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen skal saman med bompengar finansiere utbygginga, som lokalt er vedteken i Førde kommune, alle nabokommunane og fylkeskommunen med stort fleirtal.

Les stortingsproposisjonen om Førdepakken her.

Førdepakken_prioriterte tiltak

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 8. juni 2015 - kl. 13:03


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015