blank illustrasjon industri. Foto: Arne Hjorth Johansen/www.flickr.com
Illustrasjon. (Foto: Arne Hjorth Johansen/www.flickr.com)
blank
Fylkesutvalet sender industristrategi på høyring
I samband med at fylkestinget vedtok verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, bestilte fylkespolitikarane ein eigen strategi for industrien i fylket. Eit utkast til slik strategi er no klar, og no skal næringa, offentlege instansar og andre få seie meininga si om han.

Fylkesutvalet handsama utkastet til industristrategi 3. juni og vedtok då å sende det ut til høyring.

Intensjonen med ein eigen industristrategi er å vurdere industrispørsmål samla, utan å repetere det som alt er handsama i verdiskapingsplanen. Utkastet til strategi er laga av fylkeskommunen og partnarskapen for næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Det er henta inn synspunkt frå både industrien og anna næringsliv gjennom 30 individuelle bedriftsbesøk og gjennom eit eige møte med sju industrileiarar.

Målet i industristrategien samsvarer med målet i verdiskapingsplanen: 500 nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane i året. Funksjonen industrien har som motor med ringverknadar for andre næringar, er sentral for å nå dette målet.

Industristrategien skal etter planen leggjast fram for fylkestinget i oktober 2015.

Utkast til industristrategi.

Praktisk informasjon om høyring vert lagt ut her på heimesida til fylkeskommunen når alt er klart.

 

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 3. juni 2015 - kl. 11:18


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015