blank illustrasjon elev-pc
Illustrasjon: Michael Nobbs/www.flickr.com
blank
No kan du bestille elev-pc
Skal du byrje på vidaregåande skule til hausten? Då treng du ei berbar datamaskin frå første skuledag. For å få maskina til skulestart, må du bestille ho innan 3. juli.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ei ordning der du kan skaffe deg ei berbar datamaskin til ein sum tilsvarande tre gonger minste sats for utstyrsstipendet du får frå Lånekassen kvart skuleår (967 kr gonger tre). Du kan også velje å kjøpe ein Mac eller ein kraftigare pc-modell gjennom ordninga, men då vert eigenbetalinga større.

Ordninga med elev-pc gjeld for vg1-elevar ved alle dei offentlege vidaregåande skulane.

Fylkeskommunen har oppretta ein eigen nettbutikk, der du kan bestille maskin alt no. Dersom du vil ha maskina til skulestart, må du bestille innan 3. juli. Om du vil vente til etter inntaket 9. juli med å bestille, er du ikkje garantert å få maskina til skulestart.

Det er opp til deg om du vil nytte ordninga eller om du vil kjøpe berbar datamaskin andre stader. Om du allereie har ei god berbar datamaskin, kan du bruke denne i staden for å kjøpe.

Det viktige er at alle elevar skal stille med berbar datamaskin frå første skuledag.

Les alt om ordninga, sjå modellane og registrer deg i nettbutikken på www.sfj.no/elevpc.

 


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 8. juni 2015 - kl. 08:38


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 63 80 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 06/11/2015